Hopp til innhold

Kan bli krabbegir for kommunereforma

Senterpartiet får mange nye ordførarar. Det kan bety at det blir sett bremser for kommunesamanslåingane, meiner Jenny Klinge. Ho sit på Stortinget for Sp.

Jenny Klinge

Jenny Klinge meiner dei mange partifellane som no tar ordførarstolar både i Møre og Romsdal og elles i landet, vil vere med og endre farta og utfallet av kommunereforma til regjeringa.

Foto: Terje Reite / NRK

Valsuksessen til Senterpartiet vil gi ringverknader på fleire område, også for den omfattande planen for å slå saman kommunar her i landet, lovar sentrale politikarar i partiet.

– Det går ikkje an å få eit så godt valresultat utan at det får konsekvensar for prosessen med kommunesamanslåingar. Vi er ikkje imot endring og utvikling, for kommunane, men det må skje på lokalsamfunna sine premissar, seier Jenny Klinge.

Den massive prosessen for å få ei rask samanslåing av kommunane, kan altså bli kopla om til krabbegir når Senterpartiet no set seg ved ordførarspakane i mange kommunar.

Bremse for prosessen

Klinge kjem frå Surnadal og har hatt fast plass stortingsplass sidan 2009. Ho kan notere at partiet hennar har gjort det beste kommunevalet på 20 år.

– Med slikt resultat er det all grunn til å tru at sentraliseringsbølgja vil bremse kraftig, seier Klinge.

Val 2013

Valet kan gi endringar for prosessen med å få til nye storkommunar her i landet, hevdar senterpartifolk.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Ho meiner valer viser at veljarane ønskjer seg heller lokalpolitikarar som vil utvikle lokalsamfunna og kommunane i staden for heile tida å tenkje at sentralisering er svaret på alt. Iveren for ei massiv kommunesamanslåing er rett og slett borte, slik eg ser det, seier ho.

11 nye ordførarar så langt

Senterpartiet ser ut til å få hand om kvar fjerde ordførarklubbe her i landet etter valet.

Onsdag ettermiddag er det klart at Senterpartiet kjem til å ta over ordførarklubba i 11 kommunar i fylket. Det gjeld Aure, Halsa, Gjemnes, Fræna, Midsund, Vestnes, Stranda, Norddal, Sykkylven, Haram og Ørsta.

Talet kan kome til å stige til 14 når kabalane er endeleg lagde også i Rindal, Kristiansund og Skodje.

Utskiftingar kan endre mangt

Odd Jostein Drotninghaug

Odd Jostein Drotninghaug i Sykkylven er ein av dei 11 ordførarane Senterpartiet har fått så langt i Møre og Romsdal etter valet.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

I Sykkylven har den erfarne lokalpolitikaren til Senterpartiet, Odd Jostein Drotinghaug, vippa Høgreordførar Petter Lyshol ut av ordførarstolen. Han er samd med Klinge i at valresultatet kan gå utover iveren for å få til kommunesamanslåingar.

– Ei anna utfordring for reforma er at det no har vorte store utskiftingar av mannskapa i mange kommunestyre og formannskap. Det er slettes ikkje sikkert at dei nye representantane deler innstillinga til dei som har vore med i prosessen frå starten av, meiner den nye sykkylvsordføraren.