Hopp til innhold

Hødd: – No blir det rift om billettane

I 1981 var nærmare 12.500 på Høddvoll for å sjå Hødd mot Vålerenga i NM-kvartfinale. Med dagens sikkerheitsreglar er makstalet 4.333. Det kan by på billettkamp når Brann kjem på besøk for NM-semifinalen.

Høddvoll

Lars Petter Rønnestad (innfelt) trur det fort kan bli rift om billettane når Brann kjem på besøk i slutten av september. Her ser ein Høddvoll under 3. runde-kampen i NM mot Aalesund i 2011. Den gongen tok om lag 2.300 menneske turen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Sindre Eid

Marknadssjef i Hødd, Sindre Eid, håper på eit blått Høddvoll.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Brann har rett på inntil 10 prosent av kapasiteten. Det blir det ikkje så mange bergensarar av, men Høddvoll skal vere blått, ikkje raudt, fortel marknadssjef i Hødd, Sindre Eid.

Før han legg til:

– Men vi gler oss sjølvsagt til å ta imot Brann-supporterane. Dei er kjende for å lage god stemning.

Bataljonen er bekymra

For det kan bli trongt om plassen under semifinalen i NM i slutten av september. Høddvoll tek maksimalt 4.333 menneske. Brann har rett på 433 av dei plassane.

Roger Lillebøe-Hansen

Bataljonen-leiar Roger Lillebøe-Hansen håper talet på Brann-billettar blir utvida.

Foto: Privat

– Eg trur ikkje det held. Kampen går på ein kvardag, noko som er litt ukurant, men i Brann har vi godt med supporterar oppover Vestlandet, seier Roger Lillebøe-Hansen, leiar i Brann sin supporterklubb Bataljonen.

– Eg er bekymra for at det blir altfor lite billettar.

Hadde kampen gått på Brann stadion, kunne godt over 17.000 tilskodarar fått plass. Rekorden på Høddvoll er på over 12.000, men den rekorden er frå 1981.

Sidan den gongen har sikkerheitsreglane blitt drastisk forandra.

– Ein veit at det kjem mange menneske på denne kampen, og no veit eg at Hødd jobbar med å eventuelt få plass til fleire.

– Det håper vi NFF går med på. Det heiter at cupen skal vere ein fest for heile fotballen, og i denne anledninga sømer det seg å sleppe til litt fleire, meiner Lillebøe-Hansen, som ser fram til semifinalen i NM på Høddvoll.

Saka held fram under bildet.

Hødd Vålerenga 1981

Då Vålerenga gjesta Høddvoll for kvartfinale i NM i 1981, var der nærmare 12.500 menneske på Høddvoll. Tilskodarane stod trykt nesten heilt innpå grasmatta.

Foto: Arkiv / NRK

– Trykket har vore heilt enormt

På Høddvoll har administrasjonen jobba på spreng sidan det måndag blei klart at semifinalen i NM blei Hødd–Brann på Høddvoll.

– Det har vore telefonar, tekstmeldingar og e-postar inn konstant. Telefonane har ikkje stått stille, og trykket har vore enormt, fortel mediesjef og marknadskonsulent i Hødd fotball, Lars-Petter Rønnestad.

På Høddvoll er det 2600 sitjeplassar, medan der er 1700 ståplassar. Rønnestad reknar med at alt blir utselt.

– Det ligg det an til. Interessa er enorm, og det kan fort bli rift om billettane. Informasjon om billettsalet kjem på www.hodd.no, og billettsalet startar i løpet av veka.

– Men folk må sjølv møte opp på Høddvoll for å kjøpe billettar. Bur ein i Ålesund, i Nordfjord eller i bygdene rundt så er det mogleg å ta ein telefon, informerer Rønnestad.

Lars-Petter Rønnestad

Lars Petter Rønnestad ber folk om å vere tidleg ute–dersom dei vil ha billett.

Foto: Arne Flatin

Både Hødd og Bataljonen ber folk om å følgje med

Folk som har sesongkort på Høddvoll har forkjøpsrett på både billett og eige sete. Det same har dei på billettar til ein eventuell cupfinale.

Med den store interessa er derimot Hødd klare på at folk må vere kjapt ute, når billettsalet startar.

– Det vil ta nokre dagar å selje ut, men eg ville ikkje venta til dei siste par dagane før kampen, seier Rønnestad, som veit at Brann og Bataljonen ønskjer seg fleire billettar.

– Dei fortel at det kunne selt minst 1000 billettar. Men i utgangspunktet får dei drygt 400 billettar, avsluttar mediesjefen i Hødd.

Bataljonen-leiaren er klar på at Brann-supporterane òg må vere tidleg ute.

– Vi vil prøve å fordele billettane vi får på ein fornuftig måte. Men her må ein vere tidleg ute, meiner Lillebøe-Hansen, som sjølvsagt hadde håpa på heimekamp for Brann.

Begge klubbar håper og trur på fullsett Høddvoll. Blir det utselt kan Hødd få inn gode ekstrakroner i ei stram klubbkasse.

– Med eit godt arrangement og fullt Høddvoll vil inntektene bli gode, slår Sindre Eid fast. Han er både marknadssjef og assistenttrenar i Hødd.

Nye Høddvoll Arena

I 2014 skal Hødd sin nye arena stå ferdig. Publikumskapasiteten blir ikkje større, men fasilitetane blir betre. Då kjem det mellom anna flomlys, eit anna tema som har kome opp i samband med NM-semifinalen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL