Kan bli gratis før nyttår

Fredag kveld la statsminister Erna Solberg (H) fram ein ny bompengeskisse. Den inkluderte Vågstrandstunnelen på E136 som ein av bomvegane som no kan bli gratis å køyre. Det var Åndalsnes avis som først omtalte saka. Ifølgje Romsdals Budstikke kan tunnelen bli gratis allereie før nyttår. Vågstrandstunnelen blei opna i 2014

Kart over Vågstrandstunnelen
Foto: Statens kartverk