Verftsnæringa kan stå overfor full streik

4882 verftsarbeidarar går ut i streik måndag, dersom ikkje LO og NHO vert einige i helga.

Kleven verft

124 arbeidarar ved Kleven verft kan bli tatt ut i streik dersom LO og NHO ikkje vert einige om lønsspørsmåla i løpet av helga.

Sjølv om mange norske skipsverft rapporterer om sterke resultat og fulle ordrebøker, kan der verte full stopp frå måndag.

Håper å sleppe streik

Ved Ulstein verft på Sunnmøre arbeider dei for å bygge blant anna ankerhandteringsfarty og plattformforsyningsfarty. Måndag kan 150 av desse verte tatt ut i streik.

– Vi stiller sjølvsagt opp dersom det vert streik, men vi håper i det lengste at det ikkje vert noko av, seier hovudtillitsvald Bjarne Pettersen

– Vi er avhengige av leveringstider her på Ulstein verft, slik som ved alle andre bedrifter. Verftet er sjølsagt veldig sårbart dersom det vert ein langvarig streik.

Dersom det blir streik frå måndag, kjem anlegget ved Ulstein verft til å verte stengd.

– Vi håper at dei blir einige og at vi får eit resultat som alle er fornøgde med.

STX OSV Søviknes

STX OSV Søviknes er eitt av verfta som kan verte tatt ut i streik måndag

Foto: Pressebilde / STX OSV

– Bedriftene kan tole ein streik

Konflikten omfattar i første omgang nærare 15 500 av LO sine medlemmar i privat sektor. Nesten ein av tre av desse er verftsarbeidarar.

LO har kravd at alle desse skal ha høgare lønstillegg som opprettheld kjøpekrafta, og særskilte lav- og likelønstillegg.

Vidar Grønli frå LO og Fellesforbundet, meiner alle bedriftene som eventuelt kan verte ramma av streik måndag, vil tole det.

– Utgangspunktet vårt har vore at verftsbransjen går relativt godt og vi meiner at dei bedriftene vi har tatt ut kan tole ein streik.

Svein Oppegaard, direktør for arbeidslivspolitikk i NHO

NHO-direktør, Svein Oppegaard, meiner ein streik er alvorleg for alle bedrifter.

Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen

NHO-direktør Svein Oppegaard, derimot, meiner ein streik vil vere ein dramatisk situasjon for den enkelte bedrift og for næringa.

– Ja, dette kjem til å merkast godt i dei bedriftene som vert berørte. Ein streik er alltid ein veldig alvorleg situasjon for ei kvar bedrift, både økonomisk og med omsyn til leveransar og forhold til kundar.

– Ein streik vil lamme sentrale delar av bedrifta

I Ulstein finn ein også Kleven verft, der 124 arbeidarar kan verte tatt ut i streik måndag. Hovudtillitsvald der, Olav Høydalsvik, meiner i likheit med NHO-direktøren at ein streik vil få økonomiske konsekvensar for bedrifta.

– Dersom vi streikar vil det lamme sentrale delar av Kleven verft allereie frå første dag. Om streiken vert langvarig, må bedrifta også permittere resten av dei tilsette.

Noko langvarig streik har Høydalsvik uansett ikkje tru på at det vert. Han håper det ikkje vert streik i det store og det heile, men eit høgare lønstillegg vil han gjerne ha.

– Ja, vi vil ha høgare løn. Men sidan dette er sentralt bestemt, har vi ikkje nokon innverknad på om det vert streik eller ikkje.

Verft som kan bli tatt ut i streik

Verft

Stad

Fylke

Aibel AS Avd Haugesund

Sandnes

Rogaland

Aker Egersund AS

Egersund

Rogaland

Aker Solutions MMO AS Avd Stavanger

Stavanger

Rogaland

Apply Leirvik AS

Stord

Hordaland

Beerenberg Corp AS Avd Bergen

Kokstad

Hordaland

Berenberg Corp AS Avd Offshore

Tananger

Rogaland

Bergen Group Fosen AS

Rissa

Sør-Trøndelag

Bergen Group Rosenberg AS

Hundvåg

Rogaland

BIS Industrier AS

Kokstad

Hordaland

BIS Industrier AS Avd Grenland

Skien

Telemark

BIS Industrier AS Avd Sandnes

Sandnes

Rogaland

Fabricom AS

Stavanger

Rogaland

Havyard Ship Technology AS

Leirvik i Sogn

Sogn og Fjordane

Kaefer Energy AS Avd Stavanger

Stavanger

Rogaland

Kleven Verft AS Ulsteinvik

Ulsteinvik

Møre og Romsdal

Kværner Stord AS

Stord

Hordaland

Solid Vedlikehold AS

Ågotnes

Hordaland

StS gruppen AS

Bergen

Hordaland

STX OSV Accommodation AS

Tomrefjord

Møre og Romsdal

STX OSV AS Avd Aukra

Aukra

Møre og Romsdal

STX OSV AS Avd Brattvåg

Brattvåg

Møre og Romsdal

STX OSV AS Avd Brevik

Brevik

Telemark

STX OSV AS Avd Langsten

Tomrefjord

Møre og Romsdal

STX OSV AS Avd Søviknes

Søvik

Møre og Romsdal

STX OSV Offshore Brevik AS

Porsgrunn

Telemark

Ulstein Verft AS

Ulsteinvik

Møre og Romsdal

Westcon Yard Florø AS

Florø

Sogn og Fjordane

Westcon Nybygg AS

Ølensvåg

Rogaland

Westcon Rigg AS

Ølensvåg

Rogaland

Westcon Service AS

Ølensvåg

Rogaland

Westcon Skip AS

Ølensvåg

Rogaland

Westcon Support AS

Ølensvåg

Rogaland

 

 

SUM 4882 medlemmar

Knusande siger over NHO

Dersom det vert streik tek LO ut 4882 verftsarbeidarar.

Det skjer berre ein månad etter at LO vann ein knusande siger mot NHO og verfta i Høgsterett.

Les:

Arbeidstakarorganisasjonen NHO og ni norske verft gjekk til sak mot Staten etter at tariffnemnda kom fram til at avtalefesta rettar som fri kost, losji og reise også skulle gjelde for tilreisande arbeidarar utan tariffavtale.

Dommen frå høgsterett slo fast at tariffavtalen skal gjelde også for innleigde utanlandske arbeidstakarar. Dermed fekk LO og Staten medhald i den årelange striden med NHO og norske verft.

Dommen slo også fast at NHO, Norsk Industri og åtte verft vert dømd til å betale sakskostnadane som LO, Fellesforbundet og Staten ved tariffnemnda har gatt, med til saman 4.072.866 kroner.

Sveising

Éin av tre som kan verte tatt ut i streik er verftsarbeidarar.

Foto: Ole Christiansen / Scanpix

Ingen hevn frå LO

Vidar Grønli avviser at rettskonflikten er årsaka til at nesten ein av tre streikeuttatte er verftsarbeidarar.

– Dette er ikkje noko takk for sist til verfta. Vi har nytta heilt andre kriterier for å finne fram til dei bedriftene som skal takast ut til ei mogleg streik.

NHO-direktør, Svein Oppegaard, vil ikkje spekulere i om rettskonflikten kan vere årsaka til at streiken kan kome til å ramme nettopp verftsarbeidarane.

– Vi har registrert at mange av dei verfta som var involverte i den saka saman med Norsk Industri og NHO kan verte tatt ut i streik, men nokon ytterlegare spekulasjonar enn det vil eg ikkje gjere.

No har LO og NHO to dagar på seg til å kome fram til ei løysing på lønsspørsmålet.

– No får vi sjå korleis melkinga utviklar seg. Vi har ein ambisjon om å finne fram til ei løysing gjennom meklinga, seier Oppegaard.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.