Hopp til innhold

Kan bli ein regnfull 17.mai

Det er så langt ingen grunn til å rope hurra for 17. mai-vêret. Truleg blir det både vått og kaldt.

Det blir regnbyger på nasjonaldagen

REGNFULL: Det kan sikkert vere lurt å leite fram paraplyen 17. mai.

Foto: Kleiven, Paul / Scanpix

Etter å ha hatt knallvarme og strålande sol tidlegare i veka, har det blitt betrakteleg kaldare dei siste dagane. Men i slutten av pinsehelga kan det lette noko.

– Det lågtrykket som styrer vêret no blir svekka på søndag og går litt nordover. Samtidig vil eit svakt høgtrykk kome inn frå vest. I løpet av søndagen blir det dermed gradvis betre og vi får avtakande byggeaktivitet, seier statsmeteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Tone Kristin Taule.

Spesielt måndag ser lovande ut.

– Måndag ser det ut til å bli opphaldsvêr, med periodar av sol, seier Taule.

Grått og trist 17. mai

Men allereie den same kvelden blir det ei vêrendring igjen. Då kjem eit nytt nedbørsområdet frå nord. Dermed kan det vere lurt å leite fram paraplyen til nasjonaldagen.

– Det vil gi aukande vind og nedbør 17. mai, så det blir dessverre ein grå dag. Det kan òg bli liten kuling på kysten. seier Taule.

Heller ikkje temperaturane er til å juble av.

– Det ser ikkje så veldig lovandes ut. Eg trur temperaturane vil ligge mellom fem og åtte grader, seier meteorologen.

Laurdag delte yr dette biletet på Twitter. Det er dermed stor sjanse for regn i heile Møre og Romsdal på 17. mai.

Laster Twitter-innhold