Hopp til innhold

Kan bli flytebru over Langfjorden

Statens vegvesen vurderer no om flytebru er det beste alternativet til å erstatte ferjesambandet Åfarnes-Sølsnes i Romsdal.

langfjorden flytebro

I ei pressemelding frå Langfjorden AS går det fram at Statens vegvesen skal vurdere om det blir bru eller tunnel over Langfjorden.

Foto: LMG Marin/NordWest3D

Britt Flo

Britt Flo, dagleg leiar i Langfjordtunnelen.

Foto: Molde Næringsforum
Ferga mellom Sølsnes og Åfarnes

Det blir enten bru eller tunnel som tek over for ferja mellom Sølsnes og Åfarnes.

Foto: Steinar Vikås

Selskapet Langfjordtunnelen AS har gjennomført eit møte med Statens vegvesen og ingeniørselskapet LMG Marin for å sjå på ei bruløysing over Langfjorden.

Ein undersjøisk tunnel er det andre alternativet. Britt Flo, dagleg leiar i Langfjordtunnelen, seier at dei vil få eit best mogleg grunnlag før dei tar ei endeleg avgjerd.

I ei pressemelding frå Langfjorden AS går det fram at dei vil sjå korleis LMG og deira bruteknologi kan brukast for å krysse Langfjorden.

Nærare målet med ferjefri kryssing

Statens vegvesen vil no ha ein økonomisk og teknisk gjennomgang for å sjå om bru eller tunnel er det beste alternativet.

– Vi er opptekne av at vi får til ei kryssing over Langfjorden så raskt som råd. Møtet med LMG og vegstellet blei arrangert som eit ledd i prosessen for skaffe meir bakgrunnsinformasjon, seier nestleiar i styret i Langfjordtunnelen AS, Marcus Brevik.

Han fortel at Statens vegvesen skal vurdere dei ulike løysingane og etter kvart kome med ei anbefaling, som styret er nøydd til å samle seg rundt.

– Ferjefri kryssing av Langfjorden er det viktigaste enkelttiltaket for at Rauma kommune skal nå sine vekstmål i den nyleg vedtatte i samfunnsplanen, seier Breivik.

Han meiner at dette vil bidra til at Molde og Rauma blir integrert som bu- og arbeidsmarknadsregion og bidra til utvikling.

LMG Marin er eit større uavhengig skipsingeniør- og maritimt engineeringselskap, med rundt 150 tilsette i Norge og Europa. Selskapet har delteke i bygging av om lag 1000 skip og har dei siste åra vurdert å bruke erfaringar og teknologi frå skipsbygging til bygging av bruer.