Kan bli landets beste ungdomsbedrift

Bedrifta heiter «Lett på kroken», er frå Ålesund og kan bli Noregs beste ungdomsbedrift. Bedrifta er allereie kåra til Møre og Romsdals beste.

Lett på Kroken

Ser du den rosa kroken? Leit godt, og sjå på handtaket på bossdunken. Der ser du den rosa kroken som er produktet til bedrifta «Lett på kroken».

Foto: Tina Kristoffersen
Lett på Kroken

Denne kroken skal hengast på søppeldunkane, slik at sekken for plastinnsamling kan henge her.

Foto: Lett på Kroken
Lett på kroken

I løpet av tysdagen var det mange interesserte innom utstillinga til «Lett på kroken».

Foto: Tina Kristoffersen

NM for ungdomsbedrifter går føre seg på Lillestrøm. Frå Møre og Romsdal kjem også Mobilvett UB frå Ålesund, Radontjenesten UB frå Kristiansund og Spør meg UB frå Molde.

– No gler vi oss og vonar at vi kan overtyde både dommarane og publikum om det fantastiske produktet vårt, seier Mari Larsen Sæther , talsperson for «Lett på kroken».

Denne bedrifta har laga ein krok som skal festast på handtaket på søppeldunkane. Tanken er at sekken for plastinnsamling skal hengast på denne kroken.

Produktet er utvikla i vindfulle Ålesund og alle elevane går på Ålesund vidaregående skole. Kroken skal hindre at plastsekkane forsvinn i vinden. Kroken er også laga slik at renovatørane lett kan løyse sekkane frå dunken.

Mobilvett

Mobilvett har utvikla ei oppbevaringseining for mobiltelefonar. Tanken er at denne løysinga skal minske mobilbruken i skulen. Bedrifta ligg vekt på at produktet kan minske den digitale mobbinga i skulen. Dermed kan fokuset på læring bli betre, i og med at telefonen er utanfor rekkevidde.

Radontjenesten

Radontjenesten tilbyr måling og registrering av radongass i norske bustader. I dag er det oftast lokale byggfirma som står for denne målinga.

Radontjenesten UB

Radontjenesten har allereie vunne prisen for beste marknadsføring.

Foto: Tina Kristoffersen

Spør meg

Ungdomsbedrifta «Spør meg» har utvikla «bli kjent kort» som skal gjere det enklare for barn og unge å bli kjent med kvarandre i starten av skuleåret. I desse pakkane fins det kort med spørsmål, og dette er meint som eit tiltak for førebygging av blant anna mobbing.

– Stor vinnarsjanse

I og med at «Lett på kroken» er kåra til Møre og Romsdals beste bedrift, er det denne bedrifta som er med i konkurransen om å bli best i landet. Og bedrifta er så absolutt med i konkurransen.

– I år har vi svært stor sjanse for å vinne. Desse elevane er proffe og dei er godt førebudde, seier dagleg leiar i Ungt Enreprenørskap i Møre og Romsdal, Kirsten Aure til NRK.

Kirsten Aure seier at konkurransen gjev eit ekstra «driv» til ungdomsbedriftsåret som desse ungdommane er inne i. Bedrifta blir starta og driven gjennom eit skuleår.

– Førebuingane til denne konkurransen gjev dei noko ekstra i denne prosessen, seier Aure.

Flinke, overtydande, trygge og underhaldande

Mari Larsen Sæther seier at bedrifta ikkje berre har eit fantastisk produkt men også ein fantastisk forretningsidé. Og ifølgje rapportane gjorde bedrifta ein svært god scenepresentasjon på fire minutt tysdag. Under arrangementet var det fleire som kommenterte framføringa deira og sa at dei var flinke, overtydande, trygge og samstundes underhaldande.

– Og no skal vi vere sjarmerande og skilje oss ut frå dei andre. Også dette har vi jobba med sidan dag éin. Dette er planen vår, seier Sæther.

I løpet av onsdag 30. april blir det kjent kven som blir årets beste ungdomsbedrift. På denne dagen skal dei også møte juryen og svare på spørsmål frå dommarane.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.