NRK Meny
Normal

Solmund kan bli årets unge bonde

25 år gamle Solmund Solstad har satsa mange millionar kroner på ny driftsbygning på garden. I kveld kan han vinne tittelen Årets unge bonde.

Bonde Solmund Solstad i fjøsen og intervju

25 år gamle Solmund Solstad fra øvre Surnadal kan bli Årets unge bonde i Norge Video/foto: Gunnar Sandvik

I Øvre Surnadalen ligg småbruket til 25 år gamle Solmund Solstad. I det nye vinterisolerte fjøset har han 300 sauer som brekar høgt fordi det er på tide med mat. Den unge bonden gir dei grovfôr fleire gongar i døgnet, no når det er tid for inseminering. Medan mange ungdomar blir skremt frå å drive gard, ser Solstad lyst på framtida som bonde.

– Eg har alltid interessert meg som gardsdrift. Arbeidet med dyr og jord har fenga meg sidan eg var liten, seier Solmund Solstad.

Han trur at i åra framover må Noreg auke matproduksjonen og bli meir sjølvberga.

Kamp for å overta

Allereie som 18-åring forpakta han ein annan gard over elva. For fire år sidan tok han over heimgarden sin. Han har to eldre søstrer, så det var ikkje sjølvsagt at det var Solmund som skulle ta over gardsdrifta.

– Det var ein hard kamp, men eg vann til slutt, smiler den unge bonden.

Det var bestefaren hans som braut opp jorda på 40-talet på den bratte garden. Då 25-åringen skulle ta over garden bestemte han seg for å satse på sauer. I tillegg har han 40 kviger i gamlefjøset.

Fleire unge satsar

Solmund Solstad er ikkje den einaste unge bonden i Surnadal. Der er eit heilt miljø av bønder som hjelper kvarandre og jobbar på dugnad.

– Det er mange gardbrukarar rundt her og folk stiller opp når det trengst, seier Solstad.

Bonden er ein av fem finalistar i kampen om å vinne tittelen Årets unge bonde og laurdag kveld blir det avgjort kven som vinn.