Hopp til innhold

Kan bli aktuelt å felle elgen

Torsdag har det blitt meldt om fleire elgobservasjonar i Kristiansund sentrum. Viltnemnda fryktar at det kan føre til farlege trafikksituasjonar.

Halvvaksen elg i Kristiansund

HALVVAKSEN: Også måndag vart det observert elg i Kristiansund. Truleg dreier det seg om ei elgku og ein kalv som har kome bort frå kvarandre.

Foto: Øystein Kavli Gujord

– Eg var på veg ut for å lufte hunden min og køyrde nedover forbi Atlanten vidaregåande skole. Då eg kom til krysset ved Lerøy kunstisbane kom det plutseleg kom ein elg gåande rett framfor bilen, seier Christian Henning Brevik.

Også måndag vart det observert elg i Kristiansund. Då fekk Øystein Kavli Gujord besøk av ein stor elg i hagen sin.

Elg observert i Kristiansund sentrum

Christian Henning Brevik møtte denne elgen i Kristiansund torsdag formiddag.

Foto: Christian Brevik

Brevik fortel at han følgde etter elgen litt på avstand og forsøkte å skremme den bort, i tilfelle det skulle komme nokon fotgjengarar.

Samtidig ringde han også politiet for å varsle om elgen, slik at politiet kunne varsle viltnemnda.

Forsvann

Elg observert i Kristiansund sentrum

Elgen gjekk fint mellom bilar og hus i Kristiansund.

Foto: Christian Brevik

– Det var veldig spesielt, den gjekk jo mellom bilar og alt mogleg. Det hadde vore skumlare dersom eg hadde kome gåande, men sidan eg sat i bilen gjekk det bra.

Brevik fortel at elgen først forsøkte å gå ned undergangen i Vågen, menn at den plutseleg bråsnudde og sprang oppover mot Atlanten idrettspark.

– Då den sprang opp mot idrettsparken såg eg ikkje meir til den, så eg trur den forsvann vidare i same retning. Turen vart det ingenting av, eg brukte ein del tid på å følge etter elgen og etterpå drog eg heller ein annan stad for å gå.

Fleire observasjonar

Elgkalv i Kristiansund

Denne elgkalven vart observert i Kristiansund i 14-tida torsdag.

Foto: Johan Kristian Grøtte

Johan Kristian Grøtte frå Frei møtte på ein elgkalv i Kristiansund sentrum like etter klokka 14.00 torsdag.

Ifølgje politiet er det truleg snakk om ei elgku og ein kalv som har kome bort frå kvarandre.

– Eg såg den ved Willhelm Dahls veg. Kalven verka veldig stressa, seier Grøtte til NRK.no.

Håper situasjonen løyser seg

Viltnemnda har i dag hjelpt politiet i leitinga etter dyra.

– Truleg dreier det seg om ei mindre familiegruppe som har komme inn til sentrum og som grunna ferdsel og forstyrring har blitt skild frå kvarandre. Det kan heilt klart utvikle seg til ein uheldig situasjon, særleg om det her skulle dreie seg om ei ku og ein kalv, seier Stein Watten i viltnemnda.

Watten fortel at dersom dyra er stressa kan det skape farlege trafikksituasjonar.

– Elgen er store dyr. Det som er skummelt er dersom elgen blir stressa og spring inn i vegbana. Sjølv ved låg fart kan det føre til dramatiske personskadar, seier han.

Warren seier at det kan bli aktuelt å felle dyra, men at dei helst ønskjer at situasjonen løyser seg naturleg.

– Vi er i tett dialog med politiet og dersom det blir sett på som nødvendig kan det bli aktuelt å gi felletillatelse å dyra, men foreløpig har vi tru på at dei skal greie å finne vegen ut på eiga hand, seier han.