Hopp til innhold

Ser mørkt ut for bokbåten Epos – igjen

Fylkesrådmann vil avvikle tilbodet til det flytande biblioteket neste år.

Bokbåten Epos på veg til kai i Måren

Bokbåten «Epos» er ein båt som går som omreisande bibliotek for mindre stader langs kysten og inni fjordane i vestlandsfylka Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I snart 50 år har bokbåten Epos forsynt små bygder og øysamfunn med leselyst. Det sjøfarande biblioteket har vore redda fleire gonger, men no ser det igjen mørkt ut for Epos.

Fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Tore Eriksen, meiner Bokbåten no må ofrast, som ein del av dei omfattande sparetiltaka fylkeskommunen må gjennomføre dei neste fem åra, skriv avisa Firda.

Nedlegging sparar 1,3 mill

Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland samarbeider om å drive bokbåten, og om lag 160 plassar får besøk av det flytande biblioteket to gonger i året.

Kulturpolitikarane har allereie akseptert at bokbåttenesta kan avviklast frå og med 1. september 2015, når den noverande avtalen med båteigaren går ut. Nedlegginga er venta å gi ei innsparing på om lag 1,3 mill kroner, ifølgje Firda.

Bokbåten har bøker og kulturprogram hovudsakleg for born. Ofte så kjem skuleklassar og barnehagar om bord og får råd og rettleiing av bibliotekarar.