Kan avsløre farlege køyrety i fart

I løpet av året kjem ny avansert teknologi på plass i to portaler langs E136 i Romsdalen som kan avsløre farlege køyrety medan dei er i fart. – Dette er eit pilotprosjekt med bruk av intelligente transportsystem for å plukke ut problem frå trafikken, seier regional koordinator i Statens vegvesen Geir Kristian Søvold Tronvik.

E136 gjennom Romsdalen
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK