Frist i ettermiddag
Både SpareBank 1 Midt-Norge og Sparebanken Møre ønskjer å kjøpe Fellesbanken. Sparebanken Møre kjem truleg til å auke tilbodet sitt, medan fristen for tilbodet frå SpareBank 1 Midt-Norge går ut i dag klokka 16.
Tilbakehalden
Først etter at fristen som SpareBank 1 Midt-Norge har sett går ut, vil vi få vite om dei har nådd målet sitt med å kjøpe opp Romsdals Fellesbank. Banken har vore svært tilbakehalden med informasjon om kor mange aksjonærar som har takka ja til tilbodet som starta på 138 kroner per aksje for tre veker sidan og mandag endte på 161 kroner aksjen.
Sparebanken Møre og Romsdals Fellesbank er naboar i Molde. (Foto: Gunnar Sandvik)
Over ein milliard
Det gir ein verdi på Fellesbanken på over ein milliard kroner og er 85 prosent over den bokførte eigenkapitalen til banken ved utgangen av tredje kvartal.
Kan kome endå høgare bod
Men sjølv om tilbodsfristen går ut i dag klokka 16 vil ikkje finansdirektør i SpareBank 1 Midt-Norge, Kjell Fordal, utelukke at dei inviterer til ein ny runde med eit høgare tilbod og ein ny frist for aksjonærane.
– Vi tar stilling til situasjonen etter kvart som situasjonane oppstår og eg vil ikkje annonsere at vi kjem med noko nytt tilbod eller at vi ikkje gjer det. I utgangspunktet har vi sett ein pris som vi held fast ved. Kva som skjer i framtida har eg ingen kommentar til, seier Fordal.
Fryktar ikkje storbank
Ei samanslåing av Fellesbanken og Sparebanken Møre vil gi ein stor bank her i fylket som vil ta hand om ein vesentleg del av marknaden. SpareBank 1 Midt-Norge med hovudsete i Trondheim er etablert på Nordmøre, men fryktar likevel ikkje at ein ny storbank vil skape vanskar for banken.