Hopp til innhold

Skal kjempe vidare for Setnesmoen

Sjølv om tretti arbeidsplassar på Setnesmoen er sikra ut neste år, må forkjemparane for å bevare heimevernsdistriktet i Rauma bu seg på å kjempe vidare.

HV 11 på Setnesmoen

Drifta ved HV11 på Setnesmoen er sikra i eitt år framover.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Tysdag vart politikarane samde om å sikre HV11 på Setnesmoen inntil vidare. Frp sin parlamentariske leiar, Harald Nesvik, seier at mange skal ha æra for å redde heimevernsavdelinga i Rauma, slik at dei har pengar til drift ut 2017.

– Heimevernet er ein viktig kapasitet. På mange stader er Heimevernet det einaste innbyggjarane forbind med forsvaret. Sånn sett er det viktig for befolkninga, seier Nesvik.

Harald Tom Nesvik

Harald Nesvik (Frp) seier at det er mange som deler æra for å ha redda Setnesmoen i eitt år framover.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Den vidare drifta skal utgreiast i landmaktsstudien neste år, saman med alle heimevernsdistrikt og hæren. Det har vore ei massiv mobilisering både frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane for å berge Setnesmoen. Forkjemparane meiner at ei nedlegging vil ha negative konsekvensar både for tryggleiken og samfunnsberedskapen .

Betre tid til neste etappe

Per Devold

Per Devold har tru på at arbeidet vidare for å berge Setnesmoen skal gå bra.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Per Devold er distriktsrådsleiar for HV11 og han er letta over avgjerda i dag.

– Vi har nådd eit av delmåla vi sette oss, seier Devold. Også han klar på at det står att mykje arbeid inn mot utgreiinga som skal gjerast. Han har god tru på at også det skal gå bra.

– Vi har betre tid til å kome opp med reknestykka og tal vi meiner er viktige i dette biletet, og vi får grunngitt dei, seier Devold.

Må bevise at det er verdt pengane

Per Olav Vaagland

Distriktssjef Per Olav Vaagland seier at dei no må bevise at dei gir mykje for pengane.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Distriktssjef Per Olav Vaagland seier at hans stab tok imot nyhenda med glede.

– For dei hadde alternativet blitt å pendle til ein annan stad i landet og drive administrativt arbeid, seier Vaagland. Han meiner at med det er knapt med ressursar i Forsvaret og at Setnesmoen til ei kvar tid bevise at dei gir mykje for pengane.

– Vi har alltid gjort ein skikkeleg god jobb, men når det er snakk om pengar, må vi kunne legget fram eit rekneskap år for år som viser kva vi eigentleg brukar på midlar. Både på trening, materielle, eigedom og bygg og anlegg, seier Vaagland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL