Hopp til innhold

Kampen for Romsdalsruta held fram

Ordførarane i Molde og Vestnes er begge svært kritiske til at hurtigbåttilbodet mellom dei to kommunane kan bli redusert.

Norled Romsdalsruta Molde

Hurtigbåtruta mellom Vestnes og Molde får halde fram i ei rushtidsrute, men det kan føre til at tilbodet blir redusert.

Foto: NRK

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal går inn for eit rushtidstilbod som også inneber at anløpet på Vikebukt blir lagt ned. Det skjer i samband med at hurtigbåtrutene skal ut på anbod.

Dette er ei løysing som ordføraren i Vestnes, Geir Inge Lien (Sp), likar svært dårleg.

– Det er veldig viktig at tilbodet over Romsdalsfjorden blir heldt ved like så nært dagens nivå som mogeleg.

Vil kjempe for båten

Ordførar i Vestnes, Geir Inge Lien (Sp) og Molde-ordførar Torgeir Dahl

Ordførar i Vestnes, Geir Inge Lien (Sp) og Molde-ordførar Torgeir Dahl lover å kjempe vidare for å halde oppe tilbodet til Romsdalsruta.

Foto: Trond Vestre / NRK

Han innrømmer at tilbodet er bra i rushtida, men han er ikkje nøgd utanfor desse tidene. Han vil ha kontinuitet og sjansen til å føresjå at båten er der når ein treng han.

Hurtigbåten mellom Molde og Vestnes er det einaste sambandet som kjem til å gå over fjorden når Møreaksen er på plass. Lien vil gjer sitt beste for at dette tilbodet ikkje vert nedlagt.

– Syklistane treng båten

Ordføraren i Molde, Torgeir Dahl (H), deler Liens meiningar. Han vil kjempe mot reduksjon av dagens tilbod.

– Eg trur at dette er ei tilrettelegging av gradvis nedlegging – og slik det er i dag er vi allereie på ei kritisk grense. Vi bør heller vidareføre dette tilbodet, meiner Molde-ordføraren.

Han dreg fram ulempene rundt Møreaksen. Det blir ein undersjøisk tunnel, og ikkje mogleg for syklistar og gåande å reise gjennom.

– Derfor har vi behov for ein alternativ måte å kome seg over Romsdalsfjorden på. Hurtigbåt er det alternativet – og difor må vi sørge for at den blir utvikla vidare. seier Dahl.