Kampar går som planlagt
Kristiansund sin heimekamp mot Tromsø torsdag går som planlagt. Det gjer også Molde sin heimekamp mot nordlendingane søndag. Det melder Tidens Krav.
På grunn av flystreiken i SAS var det måndag usikkert om TIL kunne kome seg til fylket, men tysdag kom stadfestinga.
– Vi reiser nedover til Molde onsdag. Overnattar der til torsdag før vi tar buss til Kristiansund, seier Tom Høgli i TILs trenarteam.
Dette gjev klubben ein ekstrakostnad på om lag 200.000 kroner der Norsk Toppfotball dekkjer ein del av utgiftene.