Det kan han truleg trygt gjere, for alle dei største entreprenørane i Noreg har varsla at dei vil vere med å kjempe om byggekontrakten.
Lengst og djupast
Eiksundsambandet skal gå mellom Ulstein og Ørsta/Volda og stå ferdig i 2007.
Den undersjøiske tunnelen blir verdas hittil djupaste vegtunnel.
Den er kostnadsrekna til vel 400 millionar kroner, medan heile prosjektet har ein kostnadsramme på 813 millionar kroner.
Eiksundtunnelen blir 7 765 meter lang, og det gjer tunnelen til den lengste i landet.
Allereie har bygginga av veg- og bruanlegga starta, på det som blir ein av dei største enkeltkontraktene for bruer og tunnelar som nokon gong er tildelt i Noreg.