Hopp til innhold

Kamp om den «grøne turisten»

Optimismen er stor hos lokalmatprodusenter og serveringsstader med kortreist mat framfor turistsesongen. På Åndalsnes har nær 100 personar vore samla med lokalmat og grønt reiseliv på dagsorden.

Torstein Hatlevik

Torstein Hatlevik frå Håheim Gard inspirerte kursdeltakarane.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ambisiøse lokalmatprodusentar let seg inspirere av mellom andre Torstein Hatlevik. Han har gjort suksess med lokalmatsatsing på Haaheim Gard på Tysnes.

Matnyttige kurs

Det er MRmat i regi av Fylkesmannen og kompetansesenteret "Matnavet på Mære" som tilbyr aktuelle og matnyttige kurs.

Gudrun Enga Wolstad

Gudrun Enga Woldstad har planane klare for garden i Isfjorden.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Eg synest det er veldig inspirerande å høyre på ein som har fått det til. Hatlevik har mange gode tankar, som kanskje fleire av oss har hatt i bakhovuda våre. Kanskje vi kan gjere noko av det som han har lykkast med, seier Gudrund Enga Woldstad.

Ho satsar stort på å utvikle odelsgarden ho overtok, Woldstad Gård i Isfjorden. Der er hovudideen er først og fremst at dei skal tilby ein god stad å vere, når folk skal ha ulike feiringar eller minnesamlingar.

Kortreist og ureist

– Sommarhalvåret så prøvar vi å dyrke sjølve og ta vare på det vi har. I tillegg til ureist mat satsar vi på kortreist mat, der vi brukar små produsentar rundt oss som har litt spesielle ting å by på.

Det er 9. gong lokalmatprodusentar er samla på denne måten for å dele erfaringar og hauste kunnskap, knyte nettverk og for å bli inspirerte.

Noko av det kursdeltakarane blir utfordra på er å vere eit godt vertskap. Beth Trondstad frå kompetansesenteret Matnavet på Mære seier kundane blir stadig meir kresne.

Gi litt ekstra

Beth Tronstad

– Yt litt ekstra, er rådet frå Beth Tronstad i Matnavet på Mære.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Den som lykkast best er nok dei som har mest fokus på å levere litt meir enn det som er venta. Ein må begeistre og levere kvalitet på alle ledd.

Den grøne turisten er målet for mange og Kirsti Pernille Indreeide hos Fylkesmannen seier stadig fleire vil satse kortreist og blir med på kursa. Både hos lokalmatprodusentar og reiselivsbedrifter er interessa stigande.

Kirsti Petrine Indreeide

Kirsti Petrine Indreeide seier stadig fleire vil vere med i kampen om turistane.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– No fram mot ein ny reiselilvssesong legg vi vekt på at desse aktørane skal vere eit godt vertsskap. Folk må føle seg velkomne, og dersom kvaliteten aukar, kjem folk gjerne tilbake.

Skjerpa kamp

Kursa inneber at kampen om dei grøne turistane blir skjerpa. Men dei kan også føre til at fleire jobbar i lag. Det er noko Gudrun Enga Woldstad i Isfjorden har tru på.

– Førebels er det ikkje så mange turistar hos oss, men vi er i gang med eit samarbeid som vi kallar Romsdalsgårdene. Då er sjølvsagt målet også å få tak i dei «grøne turistane», som ønskjer mat som er produsert på garden eller i nærleiken.