Ivrige kristiansundarar som skulle ut og samle inn pengar i går var så mange at innsamlingsleiinga til slutt måtte sende folk ombord i båtar og inn på restaurantar.
- Dei krangla nesten om å få rodar å samle inn frå, seier Tore Løvik i Kristiansund Atletklubb. Saman med Lions arrangerte klubben innsamling på eige initiativ.
Og folk stilte opp, så mange at det ikkje var nok bøsser til alle som ville vere med å samle inn pengar i Kristiansund og Frei i går. Då innsamlinga var over blei det telt opp 600 000 kroner.