Kalla "muslimelskande hore" då ho forsvarte islam etter terrorangrepet

Norsk-marokkanske Yvonne Andreassen (35) frå Ålesund blei utskjelt på det grovaste då ho tok islam i forsvar etter terrorangrepet fredag kveld. Ho fryktar det kan bli mange episodar framover.

Yvonne Andreassen
Foto: Synnøve Hole
Synnøve Hole
Journalist

35-åringen frå Ålesund er halvt marokkansk, og ser dermed mørkare ut enn gjennomsnittsnordmannen. Sjølv er ho ikkje muslim, men forsvarar dei gjerne. Det førte laurdag til at ho fekk skarp kritikk tilbake.

Eg fekk høyre at eg var ei muslimelskande hore som tek imot alle muslimar med opne armar og bein, seier Andreassen og legg ikkje til at det er første gong ho har fått slike karakteristikkar etter å ha forsvart muslimar.

Meiner det er feil å skulde på muslimar generelt

Yvonne Andreassen

Yvonne Andreassen blei kalla 'muslimelskande hore' då ho laurdag tok muslimar generelt i forsvar etter terrorangrepa i Paris.

Foto: Synnøve Hole

Det heile starta laurdag formiddag då ho såg eit innlegg om terrorangrepa i Paris på facebooksida til ei venninne. Då ein felles kjenning skreiv at han no var lei av muslimar som drep i namnet til Allah og kjem unna med det, kasta ho seg over tastaturet.

Ein kan jo ikkje skulde muslimar eller Allah for det som no skjer i Paris. Det er utført av IS, og dei fleste muslimar dømmer jo IS sjølve, seier 35-åringen.

– Men skjønar du ikkje at folk blir redde muslimar når slikt skjer?

Jau, eg kan forstå at folk blir redde, men nettopp difor er det så viktig at vi skil vanlege muslimar frå IS og terroristar, seier ho med ettertrykk.

Fryktar verre tider

Skjermdump

Laurdag skreiv Yvonne Andreassen sjølv om kva ho er blitt utsett for etter at ho bad folk om å ikkje dømme alle muslimar no.

Foto: Synnøve Hole

Yvonne Andreassen jobbar på hotell i Ålesund og er fembarnsmor. Ho fryktar at terroråtaka i Paris kjem til å føre til mykje sinne og frykt.

Eg er redd det fort kan bli endå verre for muslimar, ikkje berre i Noreg. Det blir sikkert meir framandfrykt, og det er vel akkurat det terroristane vil oppnå, seier ho, som sjølv vaks opp med ein muslimsk stefar.

35-åringen meiner det no er ekstra viktig å vere rause og stå saman mot terror. "La ikke fler uskyldige mennesker lide, for da er vi ikke noe bedre enn terrorister" skreiv ho laurdag ettermiddag på facebook-sidene sine.

Les også:

Støtte frå mange

Lys klare til bruk

Lysa står laurdag ettermiddag klare til å bli tende klokka 19, til minne om terroroffera i Paris.

Foto: Synnøve Hole

Etter at ho laurdag ettermiddag fortalde kva som hadde skjedd, har ho fått støtte frå mange. Det varmar.

Laurdag kveld skal ho, som mange andre, tenne lys klokka 19 for å minnast ofra i Paris.

Eg skal tenne mange lys, og setje dei i vindaugskarmen. Det er viktig at andre ser at vi tenner desse lysa, seier ho.

Laurdag ettermiddag er kommentaren sletta. Han som sto bak har sletta profilen sin også, og tek ikkje telefonen.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.