Hopp til innhold

Kaldt og fint heile veka

Du må gjerne ta på deg godt med klede når du går ut, men denne veka kan nytast til fulle for alle som vil og kan vere mest muleg utandørs. Det er nemleg meldt sol og kaldt ver fram til helga.

Ulsteinvik bada i sol

Ulsteinvik bada i sol denne fine novemberdagen, og slik skal det verte det meste av denne veka fram mot helga.

Foto: Arne Flatin / NRK

På ytre søre Sunnmøre var det rundt null grader og sol frå knallblå himmel denne måndagen, og slik skal det altså vere resten av denne veka om vi skal tru på vervarselet.

Varselet ser slik ut:

Vervarsel

Vervarselet ser lovande ut denne veka.

Foto: Yr.no

MÅNDAG:

  • Nordaust bris, til dels frisk bris på kysten i nord. Fint ver

TYSDAG:

  • Aust og søraust bris, frisk bris utsette stader. Stort sett fint ver.
  • Enkelte stader i fylket kan det verte ganske så mange minusgrader, særleg om natta. Snøen har for lengst kome i fjellet, og også i låglandet fleire stader i Møre og Romsdal, særleg i indre strok.

Fine turforhold

Både til fjells og langs sjøkanten er det fine turforhold om du har høve til dette på dagtid. Sola er ikkje like lenge oppe som for nokre veker sidan, men gir framleis frå seg god varme midt på dag. Det er ikkje meldt om særleg med vind heller.

Denne veka starta med minusgrader, men med sol og knallblå himmel. Slik vert det utover heile denne veka i følgje Yr.no

Yr.no melder fint og kaldt ver denne veka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL