Hopp til innhold

Det spørst om Kristin (7) vil ha denne kaka ...

– Det er 80 prosent morosamt og 20 prosent kvalitetssvikt. Slikt skal jo ikkje skje, seier ein lett oppgidd og lattermild småbarnsfar.

Syv år blei til Syvøl

Kaka skulle ha påskrifta «Kristin syv år», men fekk i staden påskrifta «Kristen Syvøl».

Foto: Arne Julien / Privat

Det meste er klart. Sjuårsbursdag skal feirast til fjells på Fjellsetra i Sykkylven, og ålesundsfamilien har bestilt kake for å ta med på turen.

Det er dottera Kristin som blir sju år gammal. Far Arne Julien ringer Valaker Bakeri på kjøpesenteret Moa i Ålesund.

Arne Julien

Barnefar Arne Julien tek det heile med humør, men synest kvalitetskontrollen er litt i slappast laget hos Valaker Bakeri.

Foto: Privat

Kake med påskrift må til.

– Eg sa «Kristin sju år» først, men sa etter kvart «syv» og «seven» for å bli betre forstått. På kaka står det eit gutenamn, Kristen, OK. Men Syvøl ... det er sjeldan, så at ingen tenkte over det. Nokon burde kanskje ringt og sjekka kva i alle dage dette var, seier barnefar Julien.

– Det er noko med kvalitetskontroll, legg han til.

Var spent på korleis det hadde gått

Julien fortel til NRK at han brukte lang tid på å forklare til personen i andre enden av telefonrøyret.

– Men likevel så blei det riv ruskande gale. Eg blei ganske oppgidd, men butikken på Moa skal ha ros, for eg fekk ei ny kake for 200 kroner.

Den kosta i utgangspunktet 340 kroner. Julien fekk spørsmål om han ville ha feilvara i det heile. Det ville han.

– Eg valde å ta kaka. Men altså, eg såg etter då eg fekk ho først, for eg var spent på korleis det hadde gått. Då eg såg påskrifta sa eg at «syv øl» ville vore greitt til sitt bruk, berre ikkje som påskrift på kaka. Det er ikkje så morosamt når kaka skal vere til ei sju år gammal jente.

Syv år blei til Syvøl

Kaka i seg sjølv smakar nok godt. Bismaken kjem nok berre gjennom feil påskrift.

Foto: Arne Julien

For å servere kaka som han fekk den blir uaktuelt.

– Eg har ei jente som nok ikkje vil ha ei kake det står «Syvøl» på. Det er sjølvsagt litt festleg, det er 80 prosent morosamt og 20 prosent kvalitetssvikt. Slikt skal jo ikkje skje, meiner Julien.

Fann ekstra kake

Dei i disken på bakeriet fann ei ekstra kake som sju år gamle Kristin truleg vil like litt betre.

– Dei gjorde sitt beste for å bøte på skaden, men hadde dei vore tomme så kunne det blitt verre. Kaka har ikkje påskrift, men det fiksar vi sjølve – eg får kjøpe eitt eller anna og fikse det, seier Julien.

Kaka med «Syvøl» på skal ikkje hivast, men noko må gjerast med den, slår han fast.

– Eg kjem nok til å ta det vekk.

Bakeriet: – Så har det skjedd med oss òg

Dagleg leiar i Valaker bakeri og konditori AS, Liv Valaker Røren, hadde ikkje høyrt om kaka då NRK ringde fredag kveld. Etter nokre telefonar fann ho svar.

Liv Valaker Røren

Liv Valaker Røren, dagleg leiar i Valaker bakeri og konditori AS, likar ikkje at det har skjedd ein slik feil.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

– Eg prata med konditoriet, og dei seier at dei ikkje reagerte på teksten som stod i bestillinga. Det har etter kvart blitt mange vanskelege namn som skal skrivast, så det blei tenkt etternamnet «Syvøl», fortel Valaker.

– Men eg ser jo at det blir «syv øl» om du deler det, legg ho til.

Konditoren var norsk, men den som tok imot bestillinga var frå Singapore, opplyser Valaker.

– Ho er ei søt og snill dame som kan norsk, men det blei ringt frå ein mobiltelefon og det var litt vanskeleg å høyre, får eg fortalt.

– Så vi må berre beklage at det blei slik. Og så har det skjedd med oss også, som med så mange andre, seier den daglege leiaren.

– Slikt skjer?

– Slikt skjer, ja. Han fekk seg i alle fall ei ny stor kake. Han insisterte på å ta med seg den som var feil på. Vi burde kanskje ikkje levert den ut, seier Valaker i etterpåklokskapens lys.

Saka held fram under bildet.

Kake kystverket

Det er ikkje første, og truleg ikkje siste, gong eit bakeri har bomma med påskrifta. I 2012 var det Kystverket som fekk éi kake med påskrifta «God Jul på begge kakene».

Foto: Hans-Lennart Sævik/Kystverket

– Føyer seg inn i gullrekkja

Arne Julien seier til NRK at den gode humoren som ligg i ein slik feil, ikkje kunne bli liggande igjen på bakeriet.

For han gjekk nemleg tankane raskt tilbake til ei liknande sak frå 2012. Då var det historia om Baker Walderhaug, også i Ålesund, som hadde bomma litt med ei kake Kystverket hadde bestilt til jul.

– Denne føyer seg inn i gullrekkja. Dette blir jo som då Kystverket bestilte kaker og det skulle stå «God jul» på begge kakene, seier Julien.

Kystverket fekk i staden levert éi kake med påskrifta «God Jul på begge kakene».

– Alle skjønar jo at det skal stå «god jul» på to kaker. Eg skjøner at bakeria har tilsette som ikkje skriv norsk, men nokon som kan språket betre burde nok oppdaga det. Men dei gjer nok så godt dei kan, trur Julien.

Har du opplevd liknande når du har bestilt kake? Del di historie i kommentarfeltet under.