Hopp til innhold

Kajakkpadlar henta med luftambulanse

Kajakkpadlaren som hamna i elva Rauma i ettermiddag er blitt frakta til sjukehus med lettare skader.

Kajakkulykke Rauma elv

Mannen måtte hentast ut med luftambulanse.

Foto: Stein Siem/Åndalsnes avis

Det bekreftar politiet til NRK. Mannen var bevisst, våken og kom seg i land på eigen hånd, opplyser operasjonsleiar Rolf Anders Korstad ved operasjonssentralen i Kristiansund til NTB.

Det var Åndalsnes avis som først melde om saka. Politiet fekk melding om ulukka like før klokka halv to tysdag ettermiddag og alle naudetatane rykte ut til staden.

– AMK melde om ein skadd kajakkpadlar, og tok kontakt for å få bistand til å berge mannen, seier Styrkar Gagnat, operasjonsleiar for politiet på Nordmøre og i Romsdal.

Henta av helikopter

Mannen skal ha vore ein del av ei tsjekkisk gruppe på fem.

Ulukka skal ha skjedd i området der dei to elvene Ulvåa og Rauma samlar seg.

Politibetjent Christoffer Fjeldstad, seier til Åndalsnes Avis at ulykka skal ha skjedd då mannen padla ned ei foss med eit fall på mellom 10 og 15 meter.

Han har truleg fått skadar i ryggen.

Rauma elv

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL