Hopp til innhold

Kaja tok helikopter til klassetur

At Kaja (13) har ein muskelsjukdom, stoppa henne ikkje frå å vere med på klassetur på ein stupbratt fjellgard.

Kaja Heggen Aase på veg til Ytste Skotet i helikopter

Det er ikkje alle som flyg til klassetur, men det vart løysinga for Kaja Heggen Aase.

Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK

På flyplassen Vigra på Sunnmøre sit ein 13-åring med sommarfuglar i magen.

– Eg er veldig nervøs, innrømmer Kaja Heggen Aase, før ho set kursen mot det raude helikopteret som står og ventar på henne.

I alle år har det vore tradisjon at 7. klassingane ved Tennfjord skule drar til fjellgarden Ytste skotet, i Storfjorden, på klassetur. For å kome opp på garden, som ligg 225 meter over havet, ventar ein bratt fjelltur som krevst gode føter. Det har ikkje 13 år gamle Kaja. Ho er fødd med muskelsjukdomen AMC, som gjer ledda hennar stive. Ho er avhengig av krykker og klarer ikkje gå i fjellet.

Kaja Heggen Aase på Ytste Skotet

Ytste Skotet er eit levande museum med fleire dyr.

Foto: privat

Årevis med planlegging

– Vi har tenkt på denne klasseturen i mange år. Søskena til Kaja har vore på Ytste skotet før og det er ein lang tradisjon for skulen. Vi ville at Kaja også skulle få oppleve fjellgarden, seier mamma Elin Heggen Aase.

Det er fleire år sidan ho tok kontakt med helikopterselskapet for å sjekke om dei kunne lande på fjellgarden. Då svaret vart ja, byrja dei å leite etter måtar å finansiere flyturen på. Dei søkte og fekk innvilga midlar frå diverse fond. I tillegg har 7. klassingane tent pengar på vaffelsal kvar veke, til inntekt for klassetur.

Alle skal med

Flyturen til fjellgarden vart ei majestetisk reise med panoramautsikt over snødekte fjelltoppar og djupe fjordar. Resten av klassa reiste med båt over fjorden, før dei gjekk til fots oppover den bratte stien. Alt var tima inn slik at dei stod klare til å ta imot helikopteret.

– Det var ei sjølvfølge at alle skulle vere med på turen. Klassa har vore svært flinke til å inkludere Kaja gjennom heile skulegangen, seier kontaktlærar Kjell Ytreberg. Han meiner at turen til fjellgarden etter sju års skulegang er eit høgdepunkt som elevane har gledd seg til i fleire år. Turen gjer at elevane blir meir samansveisa.

Kaja er iallefall strålande nøgd med turen.

– Heretter vil eg fly helikopter kvar veke, ler Kaja.

Klassekameratane selde vafler så alle skulle få vere med på tur.