Hopp til innhold

Juvet Landskapshotell utvidar

Juvet Landskapshotell i Norddal skal utvide, og bygge to rom til på området.

 

Eigar Knut Slinning seier det er behov for fleire enkeltrom ved Hotellet.

Arkitektane Jensen & Skodvin, som teikna dei sju noverande romma, har også fått oppdraget med å lage dei to nye.

Slinning seier dei to nye romma nærmast blir som fuglebur, og skal ligge oppe i fjellsida bak hotellet.

Planen er å få dei ferdige til sommaren.