NRK Meny
Normal

Justisministeren sjokkert over fart

Justisminister Knut Storberget meiner måling av fart over lengre strekningar og fleire fotoboksar er framtida.

 

Han besøkte i dag Eiksundtunnelen som for kun eit og halvt år sidan kravde fem liv i ei trafikkulukke.

Etter ulukka har ein mann i 20-åra blitt teken i 165 km/t.
 

- Det viser at dersom vi skal få meir tryggleik i Noreg, så er vi heilt avhengige av at folk tek det med ro i trafikken, seier Storberget.