NRK Meny
Normal

Julestjerna på plass

Realgutta fekk helikopterhjelp. No er julestjerna på plass på Sukkertoppen.

Helikopter frakta julestjerna til Sukkertoppen

Helikopter løfta julestjerna på 500 kg opp på Sukkertoppen.

Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

Aslak Drønnen i Gutteklubben Real venter spent på helikopteret.

Aslak Drønnen i Gutteklubben Real venter spent på helikopteret.

Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

- Eg har vore så spent at eg har nesten ikkje sove i natt, seier Aslak Drønnen.

Saman med resten av Gutteklubben Real Hessa har han lagt ned 1000 dugnadstimar for å få den 10 meter store stjerna opp på fjellet utanfor Ålesund.

Juletradisjon

Stjerna er 11, 5 meter brei og veg over 500 kilo og det måtte litt planlegging til før helikopteret kunne løfte heile konstruksjonen opp på Sukkertoppen søndag ettermiddag.

Stjerna på plass på Sukkertoppen

20 frivillige venta på toppen for å ta i mot julestjerna.

Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

Oppe på fjellet venta 20 spente frivillige som skulle ta i mot lasta. På bakken sto små og store i snøstormen som helikopteret blåste opp for å få med seg synet.

Neste laurdag blir det stor festvitas på Hessa når stjerna skal tendast. Den har fastmontert kvite og blå lysdiodar, tilsaman 360 meter.

Stjerna skulle eigentleg flygast opp på fredag, men planane måtte utsettast på grunn av veret.

- Dette blir ein ny tradisjon, lover Drønnen. Frå no av vil Gutteklubben sørge for at Realstjerna skal skine over Ålesund kvar desember i åra framover.

Frivillige i Gutteklubben Real Hessa
Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK