Hopp til innhold

Julepapir skaper pipebrann

Mange hiv julepapiret inn i peisen for å sleppe store mengder med søppel.

Julegaver
Foto: Kvale, Jens, Jens Kvale / SCANPIX

Julaftan er forbi og rundt om i heimane ligg det over 2700 tonn med julepapir etter årets gåve-seanse. I ein allereie full avfallsdunk er julepapiret ofte til irritasjon, og folk brukar det heller som brensel. Det har ført til fleire pipebrannar mange stadar i landet.

- Julepapir egnar seg ikkje til fyring i ovn eller peis. Det vert ein voldsam intensitet og glør og brennbart materiale vil kome inn i pipa, og det er lettare for at det oppstår pipebrann, forte operatør ved 110-sentralen i Møre og Romsdal, Kjartan Molvær.

Han frarådar julepapirbrenning på det sterkaste. Det glinsande julepapiret egnar seg verken til brensel eller gjenvinning.

- Dropp julepapiret

Sykkylven energi, som driftar renovasjonsordninga i kommunen tilbyr ein eigen julepapirsekk til kundane sine.

- Det er klart at i jula vert det nok ein del meir restavfall enn elles i året, og dunken er gjerne fylt opp frå før. Vi vil også at abonnentane skal vere merksame på at julepapir ikkje er returpapir. Vi samlar inn julepapiret og køyrer det til forbrenningsanlegget på Grautneset.

Regionleiar i Grønn hverdag i Møre og Romsdal, Bjørn Jacobsen, håper at folk droppar julegåvepapiret neste år, og tenkjer alternativ innpakking.

- Vi bruker om lag 60 millionar meter med julepapir, det er klart at vi kan klare å redusere det. Ein kan dekorere eska eller gåva sjølv, eller kjøpe julepapir som er av ein slik kvaltitet at ein kan bruke det på nytt året etter.

Jacobsen vil også fråråde å brenne julepapir i peisen.

- Det er ikkje nokon god idé å fyre opp med det. Då får du trøbbel sjølv, og feiaren likar det ikkje. Det vil sote og det vil skape forureining.