NRK Meny
Normal

Julemat i siste liten

– Kundane er ikkje så høflege og greie som dei brukar å vere.

Julehandel

Mykje skal på plass, og mykje skal seljast. John Erik Viset ved Eurospar på Moa i Ålesund likar travle dagar, men kundane er meir stressa enn vanleg.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det er utfordrande å jobbe på butikk når kundane har dårleg tid og julekvelden nærmar seg.

– Folk er stressa, seier John Erik Viset. Han er avdelingssjef på Eurospar på Moa i Ålesund. Han seier det ikkje er uvanleg at folk kjem i siste sekund på juleaftan og handlar ribbe og annan julemat.

Julehandel

Det er ikkje uvanleg at folk kjøper julematen heilt i siste sekund før butikken stenger julaftan.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Kundane har dårleg tid

Butikkmannen vil ikkje seie at han sjølv er stressa. Til NRK Møre og Romsdal seier han at han likar å vere på jobb dei siste dagane før jul. Men det er ein del utfordringar:

– Mange kjem heilt i siste liten. Dei har dårleg tid, og lurer på kvar varene er å finne. Dei er ikkje så høflege og greie som dei brukar å vere.

Høgt tempo

– Er det slik at butikktilsette gruer seg til dagane før jul, når kundane er heilt på tuppa?

Julehandel

- Eg konsentrerer meg om å gjere jobben på ein høfleg måte, seier avdelingssjef John Erik Viset ved Eurospar på Moa i Ålesund.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Eg tror nok nokre gjer det. Men eg synest det er kjekt når det er høgt tempo.

- Må konsentrere meg

John Erik Viset seier at han konsentrerer seg om å gjere jobben sin på ein høfleg måte, når klokka tikkar mot stengetid på julaftan.

– Eg ser det med ein gong når folk er seint ute. Men vi er jo i servicebransjen, så dette går nok greit også i år, seier den unge butikkmannen smilande.