NRK Meny
Normal

Minglemiljø, scene for talent og julestemning gjennom 10 år

Ein juletradisjon i Ålesund, arrangert for tiande gong. Julejazzen på Teaterfabrikken er minglemiljø for dei heimekjære på juleferie og ei scene for unge jazzmusikarar.

Julejazz på Teaterfabrikken

Siril Malmedal Hauge (t.v.) er med i gruppa Wild Things Run Fast og spelar på julejazz. Astri Overaa er dagleg leiar på Teaterfabrikken som arrangerer julejazz, medan Kjell A. Standal organiserer det heile.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Det er veldig spennande, og eg håper det er mykje folk som kjem og vil høyre på. Vi gler oss veldig.

21 år gamle Siril Malmedal Hauge er vokalist i gruppa «Wild Things Run Fast» og studerer ved jazzlinja på NTNU i Trondheim. No står ho utanfor Teaterfabrikken, berre nokre timar før ho skal på scena.

Det blir den unge musikaren sin første julejazz, og for kvelden har ho pynta seg i ein vakker blå 30-talskjole. Følelsen er god.

– Eg har alltid litt sommarfuglar i magen før eg skal spele, så det er ei blanding av at eg gler meg veldig og at det er litt skummelt, fortel ho.

– Ein følelsen ein kan bli avhengig av?

– Det er noko med det å gi musikk til publikum, slår 21-åringen fast.

– Må nesten lukke dørene

NRK er der relativt tidleg på kvelden, men mange har allereie gått gjennom dørene på Teaterfabrikken – den tidlegare tranfabrikken på Aspøya i Ålesund.

Før tran, no kultur.

– Det er den perfekte staden for julejazz, meiner dagleg leiar Astrid Overaa.

Med utsikt mot sjøen, eldre møblar og god stemning er alt klart for konsert. Kjell Standal, leiar for jazzsirkelen i Ålesund, fortel at det er like populært kvart år.

– Det har strøyma på med folk, og det er nesten så vi må lukke dørene etter kvart, seier han – før han på tru og ære lovar topp stemning.

Jazz + jul = sant

Gjennom 10 år har det blitt arrangert julejazz, noko Standal meiner er viktig for både folk og musikken.

– For oss som driv som arrangør er det viktig å skape eit minglemiljø for ålesundarar som kjem tilbake no i jula, opnar han.

– Men viktigare er det for å få unge, talentfulle jazzmusikarar som studerer utanbys til å spele for heimepublikummet. Det er eit viktig oppgåve.

Standal fortel at Siril er éin av mange unge, talentfulle, og at han gler seg stort til å høyre artistane. Ein som kanskje gler seg litt ekstra er far til Tiril, Roger Hauge.

– Litt blank i blikket og spent, nesten meir spent enn ho?

– Ja, det kan nok stemme. Ein blir fort blank i auga når ein ser dottera på scenen og spelar på eit slikt arrangement.

Faren fekk ein forsmak kvelden før, og gler seg stort til konsert. Artisten sjølv hadde lydprøver før på dagen, og er klar for eit større publikum.

– Eg trur det skal gå bra, og vi satsar på at alt sit som eit skot, avsluttar ho.