Hopp til innhold

Jugendfest tilbake til sentrum

Frå neste år flyttar Momentium Jugendfest frå Color Line-stadion til sørsida av Ålesund.

David Guetta

I 2014 var David Guetta ein av headlinerane under Jugendfest på Color Line-stadion.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Det nye festivalområdet kjem til å strekkje seg frå Posthuskrysset i aust til Brosundet i vest, skriv Momentium på sine nettsider.

– Jugendfest blir ti år neste år, så då vil vi gjere det endå større enn før, seier dagleg leiar i Momentium, Ronny Stokke.

– Det nye festivalområdet skal bli ugjenkjenneleg og utruleg kult!

Momentium har dei siste åra arrangert store konsertar og festivalar på Color Line-stadion. Planen om å flytte Jugendfest til byen er ein ide dei har jobba lenge med, fortel Stokke.

– Vi måtte finne på noko nytt og spektakulært. Dette er noko vi har ønska å få til ei stund, og vi har store planer og spennande nyheiter for festivalane når dei no flyttar til sørsida, seier han.

Momentium

Slik vil det nye festivalområdet bli sjåande ut.

Foto: Momentium

– Det er i sentrum festivalen høyrer heime

Jugendfest har utvikla seg til å bli ein av dei største festivalane i Noreg, og trekkjer mellom 22 000 og 24 000 menneske kvart år. Det byrja som ein byfestival, men blei etter kvart flytta til Color Line stadion.

– På mange måtar føler eg at vi tek Jugendfesten heim til sentrum, der vi meiner han høyrer heime, seier Ronny Stokke, og legg til at Color Line-stadion sette visse avgrensingar når det gjeld aktivitetar frå sponsorar, mattilbod og andre aktivitetar som Momentium stod bak.

Stokke ser eit stort potensiale i sørsida som festivalområde, sjølv om det vil kreve mykje logistikk.

– Sjølv om det er trangt i Ålesund sentrum, så ligg sørsida i utkanten, så vi treng ikkje stenge gater og ingen butikkar blir hardt ramma.

Pariserhjul og takbar

Ved å flytte festivalen, trur Stokke at publikum vil få ei betre totaloppleving av Jugendfest. Momentium lokkar også med ein eigen takbar og Europas største pariserhjul.

– Vi har eigne billettar til ein takbar oppe på eit av dei store bygga, med veldig god utsikt til den største scena og betre utval av mat og drikke. I tillegg prøver vi å få tak i Europas største flyttbare pariserhjul som vi vil sette på Stornespiren.

Billettsalet opnar 28. november og fram mot desember vil Momentium kome med to-tre aristslepp til Jugendfest, som går av stabelen 18. og 19. august.

Også Ålesund Live, som dei siste åra har vore arrangert på Sankten i Ålesund sentrum, blir flytta til sørsida.