Jugendfest i gang igjen

Like etter klokka 22.30 kom konserten i gang igjen på Jugendfest, etter å ha blitt stopppa på grunn av sterk vind. I følgje arrangørane var det ei sikkerheitsvurdering som gjorde at konserten blei mellombels stoppa. Publikum blei også bedne om å trekke vekk frå scenen.