Jugendfest 2018
Foto: Jørgen Wear / NRK

Jugendfest 2018

  • Martin Garrix til Jugendfest

    Den 22 år gamle DJ'en har vært kåret til verdens beste DJ og har over en milliard avspillinger på Youtube. I 2019 kommer han til Ålesund avslører Momentum. – Han er en av de som flest har ønsket seg til Jugendfest i flere år, det er deilig å endelig kunne fortelle at verdens beste DJ kommer til Ålesund i 2019, sier en fornøyd bookingsjef, Steffen Kjevik.

    Martin Garrix
    Foto: Louis van Baar
  • Inn på konsert via taket

    Ein tenåring som var vekkvist frå Jugendfest i Ålesund tok seg inn att på arenaen via taket. Fleire yngre menn vart vekkviste frå staedionkonserten. Ein av dei nekta å oppgi personalia til politiet.

    stans i konsert under Jugendfest pga vind
    Foto: Frode Berg / NRK
  • Jugendfest i gang igjen

    Like etter klokka 22.30 kom konserten i gang igjen på Jugendfest, etter å ha blitt stopppa på grunn av sterk vind. I følgje arrangørane var det ei sikkerheitsvurdering som gjorde at konserten blei mellombels stoppa. Publikum blei også bedne om å trekke vekk frå scenen.

  • Vinden stoppa Jugendfest

    På grunn av sterk vind blei det ein pause under Jugendfest laurdag kveld. Ved 22-tida, under konserten med danske Mø, fekk publikum fekk beskjed via storskjermar om å trekke vekk frå scenen. Ingen skal vere skadde og ingenting er øydelagt, opplyser arrangøren Momentium til NRK. Dei opplyser at stansen skuldast ei sikkerheitsvurdering.

    stans i konsert under Jugendfest pga vind
    Foto: Frode Berg / NRK
  • Regnfull Minijugend

    Små og store trassa regnvêret for å vere med på festivalen Minijugend i Ålesund laurdag. Madcon var blant dei som stod på scena på Color Line Stadion.

    Minijugend
    Foto: Jannicke Farstad / NRK