NRK Meny
Normal

Jublar over snøen som lavar ned

Store deler av fylket er no dekt med kvit snø, og trass i vanskelege køyreforhold, jublar mange for snøfillene. Sandra Pitura (4) i Ålesund er ei av dei.

Sandra Pitora
Foto: Synnøve Hole

4-åringen bur med foreldra i Ålesund, og har ifølgje faren venta lenge på at det skulle begynne å snø. I går kom dei første snøfillene, og laurdag morgon hadde det lagt seg eit kvitt teppe over det meste.

Arthur Pitura og dottera Sandra på glatta

Arthur Pitura og dottera var ute og testa forholda i dei bilfrie bygatene i Ålesund tidleg laurdag.

Foto: Synnøve Hole

Dette er veldig bra, spesielt for ungane. Sandra har venta lenge, ho er veldig glad i dag, seier Arthur Pitura, som er snikkar i Ålesund og opphavleg frå Polen.

Dottera er kledd i tjukke vinterkle, sjølv går han framleis i skinnjakke.

Laurdag morgon var dei ute i dei bilfrie gatene i Ålesund og sklei på sko og akebrett.

Vi har tenkt å vere ute mesteparten av dagen, litt seinare skal vi i byparken, seier Pitura, og leitar fram eit blått akebrett.

Glatte vegar

Snø i Ålesund

Det har snødd godt i Møre og Romsdal natt til laurdag. Her frå Ålesund sentrum laurdag morgon.

Foto: Synnøve Hole

Politiet på Nordmøre og i Romsdal melde fredag kveld og laurdag formiddag om fleire utforkøyringar på det glatte føret.

Natt til laurdag køyrde mellom anna eit vogntog med store mengder fisk utfor vegen i Rauma.

- Sjølvsagt er det vanskeleg å køyre no, men vi må vere glade for snøen, for dette skjer ikkje ofte i Ålesund, seier Pitura.

Les også:

Det kjem meir snø

Snø i gågata

Det var godt med snø i gågata i Ålesund laurdag formiddag. Tidleg på dagen var det nok til både ski og akebrett.

Foto: Synnøve Hole

Ifølgje Meteorologisk Insitutt er det ikkje slutt på snøen enno. Både laurdag og søndag er det venta snøbyer i Møre og Romsdal. Først måndag blir det regn, og seinare i veka er det også venta høgare temperaturar.