Hopp til innhold

Jublar over å ha tatt bronse i EM i terrengløp

Karoline Bjerkeli Grøvdal (25) er kjempeglad etter at ho søndag sin første internasjonale seniormedalje i terrengløp-EM i Frankrike.

Karoline Bjerkeli Grøvdal

Karoline Bjerkeli Grøvdal (25) sikra seg bronse under EM i Frankrike søndag. No skal ho snart heim til Isfjorden på ferie.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Bronsemedaljen som Grøvdal sikra seg er ikkje berre Norges første medalje i terrengløp-EM, men også hennar første internasjonale meisterskapsmedalje som seniorløpar.

– Eg er kjempefornøgd, det er veldig herleg å vise at eg har tatt steget opp på seniornivå, seier 25-åringen.

– Kva betyr det for deg at du klarte å ta ein bronsemedalje?

– Det betyr svært mykje, og viser at det som eg gjer no fungerer veldig bra, og at eg har klart å ta steget frå å vere juniorløpar til å bli senior. Det er ei god stadfesting før vi no går inn i ein veldig viktig sesong, seier raumakvinna.

Står framfor eit viktig år

For 2016 blir eit viktig år for 25-åringen. Ho stadfestar at alt fokus no ligg på OL i Rio i august og EM i Amsterdam i juni. Også i 2012 var ho med under OL i London, men kom seg ikkje til finalen på 5 000-meteren. No drøymer ho om ein ny sjanse.

– Det er veldig fint å starte med dette i dag, og sjå at ein er på god veg, seier Grøvdal. Ho vedgår at det kan bli tøft å hevde seg i OL.

– OL er jo det største ein kan springe, og då møter ein verdseliten. Målet mitt er å vere i framleis god form og kunne vere på startstreken i OL, seier ho.

Klart for juleferie

25-åringen seier at ho no er i ferd med å ta juleferie. Ho skal snart returnere frå Frankrike og reiser til Isfjorden i Rauma, for å feire høgtida der. 4. juledag går ferda vidare til Sør-Afrika for meir trening.

– No blir det litt roleg og juleferie før eg reiser dit. Eg skal trene litt ulikt og få gått langrenn i Isfjorden, så begynner hardkøyret igjen i Afrika, seier ho.