Hopp til innhold

Jublar over å ha nådd målet på 1,1 millionar

Trebarnsmora Anette Iren Myklebust Haram (33) frå Ålesund fekk sjølv livsviktig hjelp då tvillingane Sander og Emil blei fødde alt for tidleg. Tysdag kveld er det klart at dei har klart å samle inn 1,1 millionar til sjukehuset.

Anette Iren Myklebust Haram

Anette Iren Myklebust Haram gler seg over at innsamlingsaksjonen er i mål tysdag kveld. Her feirar ho saman med tvillingane Sander og Emil. Storebror x bak.

Foto: privat

Det har vore stor spenning knytt til om Anette Iren Myklebust Haram (33) frå Ålesund og Liv-Tone Ulstein Brunstad (36) frå Ulstein skulle klare å samle inn 1,1 million kroner. Tysdag kveld er det klart at dei er i mål, ved hjelp av bidrag frå svært mange.

Vi håpte det skulle skje, vi har drøymt om det, men kven hadde i sin villaste fantasi trudd at det faktisk skulle bli slik, seier Haram.

Les også:

Vil lage hjarte av faklar

Ei bitte lita hand til Sander

Den bittelille handa til Sander då han blei fødd 3,5 månader for tidleg.

Foto: privat

Trebarnsmora fekk sjølv erfare kor god hjelp dei fekk på neonatalavdelinga, då ho fødde tvillingane Sander og Emil 3 1/2 månad for tidleg. I nesten fire månader blei avdelinga heimen deira. Omtrent samstundes fekk Liv-Tone Ulstein Brunstad frå Ulstein tvillingar alt for tidleg.

For å takke for hjelpa dei fekk, sette dei like godt i gang innsamling av pengar til eit netthinnekamera for dei aller minste babyane.

– Vi har sete og småtuta mange gongar begge to, seier Haram, og vedgår at dei personlege helsingane og pengane frå ukjende folk har gjort sterkt inntrykk på dei.

I kø for å hjelpe

Anette Myklebust Haram (33) frå Ålesund (t.v) med sonen Kristian og Liv-Tone Ulstein Brunstad (36)

Liv-Tone Ulstein Brunstad (36) frå Ulstein og Anette Myklebust Haram starta aksjonen tidlegare i haust.

Foto: Birthe Bringsvor

For folk har stått i kø for å hjelpe etter at dei to kvinnene oppretta facebook-gruppa "De små vil også se" i midten av november.

Mange av dei fortidlegfødde har problem også med auga, og målet var å samle inn nok pengar til at dei minste slepp å reise til Trondheim for å få nødvendig undersøking.

Lille julaftan er planen å overrekkje alle pengane dei har samla inn i haust.

– Vi oppfordrar folk som har vore med å gitt pengar, om å bli med, seier Haram. Tanken er å lage eit hjarte av faklar utanfor avdelinga.

Sette i gang flaskeinnsamling

Siv Therese Brunstad

Siv Therese Brunstad har samla inn nesten 18 000 kroner til netthinnekamera.

Foto: privat

Ei av dei er den 21 år gamle sjukepleiestudenten Siv Therese Brunstad frå Sykkylven. Tysdag ettermiddag overførte ho nesten 18 000 kroner til aksjonen, etter å ha samla inn flasker i Sykkylven og på Stranda.

– Eg har sett kor skjøre desse små er, seier Siv Therese Brunstad (21) frå Sykkylven. Ho er sjølv svigerinne til ein av initiativtakarane, og tante til ein liten gut som kom til verda alt for tidleg.

Vil ikkje høyre meir om gjerrige sunnmøringar

Tysdag kveld har dei to kvinnene endå ikkje fullstendig oversikt over kor mykje pengar dei har fått inn, men veit det er meir enn det som trengst til eit netthinnekamera. Håpet er at dei veit eksakt beløp onsdag. Uansett skal pengane gå til nødvendig utstyr på neoavdelinga, seier dei to.

Gjevargleda har vore heilt fantastisk. Det folk seier om at sunnmøringar er så gjerrige, kan dei berre ta tilbake, ler Haram.

Den store avsløringen til De Små Vil Også Se Youtube - YouTube