Hopp til innhold

Oslo stemte ja til OL i 2022: – Eit løft for både breidde og topp

Idrettstoppane i Møre og Romsdal jublar etter at innbyggarane i Oslo kommune på valdagen gav si støtte til OL i hovudstaden i 2022.

Stig Aambø

Administrasjonssjef Stig Aambø i Møre og Romsdal skikrets håpar på eit OL i Oslo i 2022.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I samband med stortingsvalet skulle Oslo si befolking stemme for eller i mot eit OL i Oslo i 2022. I følgje tal publisert på Oslo kommune sine nettsider var det 172.837 som stemte for, medan 140.982 stemte mot.

Folkeavstemminga kring OL i Oslo i 2022 er berre rådgjevande. Alle som er busett i Oslo, og har stemmerett, har hatt moglegheit til å stemme. Fleire har vore kritiske til at kun oslo sine innbyggarar får seie si mening, sidan det er staten og skattebetalarane som eventuelt må betale den største regninga.

Det er likevel Stortinget som til sjuande og sist avgjer OL-skjebna. I tillegg må bystyret rettkjenne resultata fra den rådgjevande folkeavstemminga. Oslo kommune har søkt om statsgaranti på 33,7 milliarder kroner.

Inge Andersen og Petter Stordalen under valgvaken til valget om OL i Oslo i 2022.

Generalsekretær i Norges Idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité, Inge Andersen og hotellkjede-eigar Petter Stordalen jubla saman med dei andre frammøtte på valvaken til valet om eit Oslo-OL.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Stiller oss bak forbundet

Stig Aambø er administrasjonssjef i Møre og Romsdal skikrets, og er svært nøgd med resultatet av OL-avstemminga.

– Vi har ikkje vore så tett på prosessen som dei i Oslo, men vi er veldig nøgde med fleirtal for eit OL. Vi stiller oss bak skiforbundet i denne saka.

– Kvifor gjer dykk det?

– Eit ja til OL er først og fremst bra for rekruttering og motivasjon for unge utøvarar og elles alle som driv med vinteridrett. Det blir eit fristande mål for mange, nokre år fram i tid, seier Stig Aambø.

Motiverande med OL i sikte

OL på Lillehammer var dei 17. olympiske vinterleikane i rekka, og står sterkt innprenta i minnet til mange nordmenn. Aambø håpar på fleire gode minner, med eit OL i Oslo ni år fram i tid.

– Heilt klart. Spesielt for unge utøvarar i vårt eige fylke som er i rette alderen i 2022, må eit signal om at vi kan få olympiske leikar til Noreg vere særs motiverande, seier Stig Aambø.

Aambø siktar med det til fleire talent frå Møre og Romsdal han trur kan stille på startstreken i eit eventuelt OL.

– Vi har både talent på frammarsj og nyetablerte som med åra kan gjere det stort. Løseth-jentene, Ragnhild Mowinckel og Sebastian Solevåg kan godt bli OL-deltakarar i 2022, seier Stig Aambø i Møre og Romsdal skikrets.

– Eit løft for breidde og topp

Heidi Falkhytten er leiar i Møre og Romsdal idrettskrets. Ho ser fram tileit eventuelt OL i Oslo.

– Eg blei kjempeglad då eg fekk høyre det på radioen. Det blei jo ikkje heilt avklart på valdagen, så då var det godt å få vite at det faktisk blei eit ja morgonen etter, seier Heidi Falkhytten.

(Saka held fram under biletet).

Heidi Falkhytten, ny leder i idrettskretsen

Leiaren i Møre og Romsdal idrettskrets, Heidi Falkhytten, stiller seg svært positiv til olympiske leikar i Oslo.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Kvifor er du så positiv, når enkelte har vore svært negative?

– Vi hadde eit ektraordinært idrettsting i Stjørdal i fjor, der vi saman sa ja til å gå for eit OL i Oslo. Finansieringa har vi fått på plass ei ramme for, der staten og vertskommunen står for betalinga. Det skal ikkje gå utover resten av landet.

– Er det ikkje betre å bruke pengar til å ruste opp idrettsanlegga?

– Eg trur dette er ei flott moglegheit for Oslo til å ruste opp anlegga sine. Dessutan blir det eit kjempeløft for idretten, både breidde og topp. Eg håpar at mange ungdommar frå fylket vil reise til Oslo for å vere med som frivillige i 2022, seier Heidi Falkhytten.

Har kanskje vore lite informasjon

Noko av skepsisen mot eit Oslo-OL har vore korleis ein ser føre seg finansieringa kjem på plass.

– Eg seier det igjen, staten og vertskommuna vil stå for finansiseringa. Kanskje har det vore litt lite informasjon om kven som skal betale for dette. Uansett er dette eit stort løft for Noreg som nasjon og for idretten, seier Falkhytten avslutningsvis.

Lillehammer OL 1994

OL på Lillehammer i 1994 vart ein stor suksess for Noreg. Håpet mange i idretts-Noreg no sit med, er at ein igjen får oppleve stemninga med eit OL i Oslo i 2022.

Foto: Tor Richardsen / Scanpix