NRK Meny
Normal

Jublar for 10 nye stillingar

Politimeister Steven Hasseldal kunne måndag juble for 10 nye stillingar i Sunnmøre politidistrikt. – I overkant av det vi hadde håpa på.

Steven Hasseldal

Politimeister i Sunnmøre politidistrikt, Steven Hasseldal, fortel at auka beredskap er eitt av dei klare punkta der 10 nye menn og kvinner kjem godt med.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Dette er vi kjempeglade for. 10 stillingar vil gjere ein verkeleg forskjell.

Det seier ein lukkeleg politimeister Steven Hasseldal.

Måndag ettermiddag blei det klart at Sunnmøre politidistrikt får tilført 10 nye stillingar.

Beredskap, førebyggjande arbeid og vanleg kriminalitetsarbeid er tre hovudområde der stillingane skal inn, fortel Hasseldal.

Har kjempa lenge

Bemanninga i politiet generelt har vore tema i svært mange år. Hasseldal er berre éin av mange politimeistrar som har kjempa for betre bemanning.

– Det er noko vi har argumentert sterkt for i møte med direktoratet over fleire år, fortel han.

Argumenta Hasseldal har brukt, for å få nye stillingar til Sunnmøre er:

  • Krevjande geografi
  • Blant den dårlegaste dekninga per 1000 innbyggjarar av alle politidistrikt
  • Stor folketalsvekst
  • Konstant auke i flytrafikken
  • Eksplosiv auke i cruisetrafikken

– Så det kom ikkje veldig overraskande at vi fekk tilført nye stillingar no.

– Men 10 var i overkant av det vi hadde håpa på, gliser Hasseldal.

Skal bli merka i heile politidistrikt

I augneblinken kan ikkje politimeisteren seie eksakt korleis dei 10 stillingane vil bli sett inn.

– Eg kan ikkje vere konkret på fordelinga internt, det skal vi køyre ein prosess på no.

– Men 10 stillingar vil merkast i heile distriktet, slår han fast.

Likevel er Hasseldal klar på kva han sjølv ønskjer seg.

– Vi skal styrke operasjonssentralen, det er det ingen tvil om. Så får vi sjå kva andre område som vil bli styrka.

– Primært nyutdanna

Politimeisteren fortel at dei nye stillingane primært skal gå til nyutdanna politifolk.

– Men vi må sjølvsagt tilsette etter kvalifikasjonsprinsippet. Dersom som har jobba i nokre år søkjer, så må vi vere opne for å ta dei inn.

På Sunnmøre håper Hasseldal at alle stillingane skal vere fylt til sommaren.

– Vi startar å lyse ut stillingane så snart vi har avgjort fordelinga.