Nevstad seier Hødd må ta poeng mot sørlendingane, dersom dei skal klare å henge med i 1. divisjon.
Andre Nevstad vaks opp i byggefelta nokre steinkast nedom Høddvoll-anlegget i Ulsteinvik på 70 og 80-talet. Under oppveksten var han alltid på anlegget med ball. Anten for å trene sjøl, eller for å sjå på A-laget eller juniorlaget sine treningar.
God årgang
Han var ein del av den gode årgangen som Hødd fostra opp mot slutten av 80-talet. Spelarar som Ole Bjørn Sundgot, Geir Hasund, Egil Ulfstein, Tor Arild Haddal og Andre Skotheim var med i den same aldersgruppa.
Som lagkaptein for Hødd er han alltid eit forbilde for dei andre spelarane når det gjeld innsats og tæl. Han gir seg aldri. Nevstad er også dagleg leiar for klubben, og har sitt arbeid på Høddvollhuset.
Tredjemann på lista
Som 31-åring kan han truleg halde det gåande lenge i Hødd-trøya. Og det må han også gjere for å passere suverene Otto Sundgot (668) og Kjetil Hasund (646) på Hødd sin adelskalendar. Han er den tredje Hødd-spelaren i historia som passerer 500 A-kampar. Og han kunne ha gjort det for to sesongar sidan hadde det ikkje vore for eit gjesteopphald i Molde Fotballklubb (1993 og 1994). Der fekk han med seg både eit nedrykk, eit opprykk og nokre minutt i NM-finalen mot Lyn (3-2 til Molde i 1994).
Men det er i Ulsteinvik og Hødd han har røtene sine. Andre Nevstad er sjeldan vare i norsk fotball. Han er tru mot moderklubben sin. Mandalskameratene har gjort det overraskande bra i år. På linje med det Hødd greidde i 1.divisjon i fjor. Aller helst hadde nok Nevstad ønskt seg heimekamp til jubileet. No får han heller motivere laget til eit godt resultat på Sørlandet.