Verftet som har stått stille i to månader, skal bygge eit offshore-farty som skal leverast i januar.
Dei fleste av dei 100 permitterte arbeidarane får no attende arbeidet.
Dagleg leiar i verkstadforeininga i Ulstein, Svein Rødset, meiner dette var svært viktig for det maritime miljøet.
-Dette viser at det er dyktige folk som gjer at industrien er konkurransedyktig. På tross av rammevilkåra, vil eg seie.
Raskt i gang
Er det vanleg at arbeidarane kjem så raskt i gang etter å ha teikna ein ny kontrakt?
-Nei, det er svært uvanleg. Det at verftet får skroget inn til kai berre timar etter at kontrakta vart kjend, er heit spesielt. Normalt tek det eit halvt år, seier Rødset.
Mindre overtidsløn
Arbeidarane som no er tilbake i arbeid, har samstundes gått med på å redusere overtidsløna si.
-Dette syner at arbeidarane har ei stor eigedomskjensle. Dei set pris på arbeidsplassane sine og forstår at det nyttar å stå saman når det buttar imot, seier Rødset.