NRK Meny
Normal

Jubel for store og små MFK-fans!

Både store og små ikledd blått og kvitt jubla på veg ut frå Ullevaal stadion søndag ettermiddag. Med eit historisk The Double på innerlomma kan Molde sole seg på toppen av norsk fotball!

Julie Kristin Karadash, Mikail Karadash, Sarah Brustad og Ramin Janaki Karadash jublar.

Julie Kristin Karadash, Mikail Karadash, Sarah Brustad og Ramon Janaki Karadash jublar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Morten Pedersen (6) var på sin første cupfinale og fekk full klaff. Han bur i Oslo og spelar for laget Try, men det var veldig kjekt å følge pappa, Dag Sylte Pedersen, på kampen. Dag er frå Molde, men bur no i hovudstaden.

Morten Pedersen (6) og pappa Dag Sylte Pedersen kosa seg på cupfinalen.

Morten Pedersen (6) og pappa Dag Sylte Pedersen kosa seg på cupfinalen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Han har fulgt MFK sidan 70 og 80-talet og har sett mange kampar på gamle Molde stadion. Det som har skjedd i år og dei siste sesongane er berre fantastisk, seier han.

La teltet stå

Jon Aasen er fylkesordførar og har vore i Oslo og sett at fotballfylket Møre og Romsdal har henta heim pokalen for fjerde året på rad.

– Det er nesten så ein kan la telta berre stå igjen her i Oslo til neste haust, humrar han. Fylkeskommunen markerte seg på Youngstorget i helga med eigen stand under parolen: Fotballfylket Møre og Romsdal. Og det er jo heller ingen klisje, seier Aasen som hadde med seg Sidsel Rykhus og hennar son Tommy Rykhus Johansen på finalen.

Jon Aasen saman med Tommy Rykhus Johansen og Sidsel Rykhus smilte breidt etter finalen.

Jon Aasen saman med Tommy Rykhus Johansen og Sidsel Rykhus smilte breidt etter finalen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ut frå Ullevål kjem dei fleste med smilet frå øyre til øyre, men nokre også med høglydt song som Ann Synnøv Moen og John Steven Roper. Dei er i godt humør etter den strålande helga som enda på best muleg vis for dei med blått og kvitt på seg.

Ann Synnøv Moen og John Steven Roper

Ann Synnøv Moen og John Steven Roper

Foto: Arne Flatin / NRK

Ein annan som kjem med blått og kvitt er Finn Ove Kaldhol. Opphavleg frå Ulsteinvik, og difor har han ei blå Hødd-lue under Molde-lua. Han held seg til lag i blått og kvitt, seier han og er svært tilfreds med utfallet av kampen.

Presten Finn Ove Kaldhol hadde ei Hødd-lue under Molde-lua.

Presten Finn Ove Kaldhol hadde ei Hødd-lue under Molde-lua

Foto: Arne Flatin / NRK

Fortent siger

Frå Vestnes var familien Karadash på plass på finalen i ettermiddag og var jublande glade for ein ny triumf. Karadash-gjengen var samde om at det var ein jamn kamp der MFK var sterkast og best til slutt, men at Odd absolutt var med i store delar av kampen.

Molde hadde rundt 8800 tilhengarar på stadion der tilskodartalet bikka 26 000. NRK såg at der var ein del ledige plassar på tribunane, men det var eit solid trøkk over heile stadion kampen gjennom.

Første omgang var nok litt kjedeleg sjølv om nerven heile tida var der. MFK viste etter pause at dei har det beste mannskapet. Ørjan Håskjold Nyland tok sin tredje strake cuptittel og tangerer dermed ei rekkje Skeid-spelarar som gjorde det samme på 50-talet. Kanskje kjem han tilbake neste år iog tek den fjerde strake ? Nyland var for øvrig kaptein for dagen etter som klubbkaptein Daniel Berg Hestad berre spelte dei aller siste minutta av kampen. Veteranen er likevel klar for ein ny sesong, og fyller 40 år neste år.

Julie Kristin Karadash, Mikail Karadash, Sarah Brustad og Ramin Janaki Karadash jublar.

Julie Kristin Karadash, Mikail Karadash, Sarah Brustad og Ramon Janaki Karadash jublar.

Foto: Arne Flatin / NRK