Stasjonsbygningen som står i vegen for den nye Europavegen blir flytta og ikkje riven.
John K. Dale i jernbaneklubben hadde ekstra grunn til å juble i går. Sidan faren til Dale jobba i jernbana, så var heimen til familen Romsdalshorn stasjon.
Dale budde i huset frå han var åtte år gamal og fram til han blei gift.
No blir stasjonen flytta til ei ny tomt, nærare Romsdalshorn. Jernbaneklubben seier dei etter kvart håpar å få til eit museum i den gamle stasjonsbygningen.
Det er NSB som eig stasjonen, men det er Vegvesenet som må betale for flyttinga, og det har vore ein kronglete veg fram til vedtaket i går.
Og trudde du det var i sjølve Åndalsnes gulltransporten stod under krigen, så tek du feil. Toget med gull stod ved Romsdalshorn.
Romsdalshorn stasjon (Foto: Brede Røsjø/ NRK)