Lar seg ikkje skremme av arbeidsmarknaden

Journalistutdanninga er framleis eit av dei mest populære studia i Volda, sjølv om det kan vere vanskeleg å få jobb etterpå.

Høgskulen i Volda

I dag var det opninga av det nye studieåret ved Høgskulen i Volda.

Foto: Frode Berg / NRK

I dag var det opning av studieåret ved Høgskulen i Volda, der nesten 4000 elevar skal studere. I ei årrekkje har radio og tv-studiet ved høgskulen vore blant dei mest populære studia og slik er det også i år.

Lars Håkon Hamren Risberg er førsteårsstudent og har høyrt mykje bra om studieplassen på førehand.

– Volda har eit kjent rykte for å vere ein god journalistskule. Eg har ei kusine og ei mamma som har gått der før og dei har berre positive ting å seie. Det var det som gjorde at eg kom til Volda, seier Risberg. Han gler seg til alt han skal lære dei neste tre åra.

Ikkje vere kresen

Trude Furuli

Trude Furuly er fadder for dei nye studentane. Ho trur alle er innstilte på at det kan bli vanskeleg å få draumejobben med ein gang.

Foto: Frode Berg / NRK

Dei store mediebedriftene kuttar ned talet på tilsette. Det betyr at det kan bli vanskeleg for studentane å få jobb etterpå. Trude Furuly trur at alle studentane er innstilte på det.

– Ein må vere villig til å flytte på seg og ikkje vere så kresen på kva jobbar ein tek. Ein får ikkje draumejobben med det same, seier Furuly.

Ho trur likevel ikkje alle studentane har fått med seg dei tronge tidene i mediebransjen. Andre tenkjer at det er også mange andre bransjar som er tøffe for tida, og at journalistikk ikkje står i ei særstilling.

Trur studentane får jobb

Lea Sofie Westad

Lea Sofie Westad måtte tenkje seg om før ho valde journalistikkutdanninga.

Foto: Frode Berg / NRK

Høgskulen i Volda hadde frykta ein nedgang i søkartalet, men leiinga meiner studentane deira vil klare seg godt i konkurransen om arbeidsplassane.

– Vi føler at vi er bransjenære og gir god praksis medan dei er i studie, slik at det er lett for dei å gå inn i redaksjonane, seier Jan Ytrehorn. Han er ansvarleg for journalistutdanninga i Volda.

Lea Sofie Westad er inne i forelesingssalen for første gang og innrømmer at ho måtte tenkje seg om fleire gongar før ho bestemte seg for å satse på journalistikken.

– Det var med blanda kjensler eg tok det som førsteval, fordi det er skummelt. Det er skummelt å selje seg sjølv, men eg skal gjere mitt beste, seier Westad.