Hopp til innhold

Jordvernleiar: Må ha jord å dyrke maten på

Ein ny jordvernorganisasjon er danna i Møre og Romsdal. Men den skal ikkje vere ein protestorganisasjon, ifølge den nyvalde leiaren, Kolbjørn Gaustad.

Jordvernforeining stifta i Møre og Romsdal

Ei eiga jordvernforeining er stifta i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Men dyrkajorda er under stekt press, ikkje minst i Møre og Romsdal som er blant verstingfylka i å ta matjorda i bruk til andre formål.

Det er bakteppet for at det blei stita ei eiga jordvernforeining i Møre og Romsdal i går.

Eli Sæther, som er engasjert i Bonde- og småbrukarlaget, har følt at det spissar seg til. Sjølv i landbrukskommunen Gjemnes er presset på matjorda stort.

Krav om areal

– No driv vi med reguleringsplanen, og særleg rundt kommunesenteret er det krav om meir areal. Men i Gjemnes er det arealet dyrkajord, fortel gardbrukaren i Batnfjord.

Ho har difor tru på ei eiga foreining som har fokus på jordvern.

– På kvar vår plass kan vi føle oss litt einsame, så det er bra at vi kan stå saman om ei sak som er viktig for heile samfunnet.

Synnøve Vallei landbruksavdelinga

Synnøve Valle i landbruksavdelinga seier Møre og Romsdal er eit verstingfylke.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Synnøve Valle i landbruksavdelinga hos fylkesmannen stadfestar at matjorda i Møre og Romsdal er under press frå fleire kantar.

Verstingen Møre og Romsdal

– Møre og Romsdal er nok litt i verstingklassa, og nokså mange dekar dyrkamark blir bygd ned kvart år. I 2014 til dømes var det snakk om 850 dekar, men vi har vore over 1000 i tidlegare år.

Valle seier jorda er under størst press i tettstader, og der det er stort behov for vegar, bustader og industribygg.

– Det går ikkje an å lage matjord over natta. Det har tatt 10 000 år å lage det jordsmonnet på 25 centimeter som er i dag, seier Anne Kathrine Jensen.

Ho er styremedlem i Bondelaget i fylket, og sjølv gardbrukar på Osmarka. Jensen meiner jordvernsaker med fordel kan bli løfta til eit høgare nivå enn kommunen.

– Det er ei utfordring for kommunen at den kan vere for tett på utbyggarane, slik at vedtak kanskje bør bli tatt på fylkesnivå.

Jensen meiner ei jordvernforeining kan bidra i media, påverke i plan- og byggeprosessar, og vere i dialog med politikarar.

– Generelt må vi prøve å fortelje kor viktig dei tre prosent med matjord er.

Informasjon, ikkje protest

Kolbjørn Gaustad i Jordvern Møre og Romsdal

Den nye foreininga har fått Kolbjørn Gaustad som leiar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Den nyvalde leiaren, Kolbjørn Gaustad, meiner det er eit stort behov for å skape større forståing for jordvernet på alle plan.

– Dette skal ikkje vere ein protestorganisasjon, men ein bidragsytar til å auke kunnskapen og informasjonen om jordvern. Vi må formidle at skal vi ha mat i framtida må vi ha jord å dyrke maten på. Då må vi slutte å sage av den greina vi sjølve sit på.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL