Jordskredfare i Møre og Romsdal mandag

NVE melder om jordskredfare i delar av fylket måndag. Bakgrunnen for varselet er at det er venta store nedbørsmengder fleire stadar i fylket.

jordskredfare

JORDSKREDFARE: Varselet viser at seks kommunar i Møre og Romsdal er i fare for jordskred måndag.

Foto: Skjermdump

På nettstaden varsom.no kan du fylgje med om din kommune er mellom dei som er ramma av varselet.

I fyrste omgang er det kommunane Nesset, Norddal, Rauma, Stordal, Stranda og Sunndal som er omfatta av varselet.

Usikre nedbørsmengder

– Det ventast mykje regn, men nedbørsfordelinga og nedbørsmengda er svært usikker. Graden av vassmetting i bakken er høg fleire stadar, skriv NVE.

Dei ber folk om å vere merksame i spesielt utsette områder. Desse er ofte der det er bratt terreng, samt langs bekker og elveløp. Dei anbefaler at folk tek førebyggande tiltak der det trengst.

– Hald deg oppdatert. Reinsing av dreneringsvegar i spesielt utsette områder anbefalast, skriv dei.

I går gjekk det fleire ras ved Eikesdalen i Nesset kommune. No er det fare for fleire ras i det same området.

Skalaen til Noregs vassdrags- og energidirektorat går frå grøn, via gul og oransje, til raud.

Sannsynet for skred og skadeomfanget målast på ein skala frå ein til fire. Ein betyr generelt trygge forhold og fire betyr at det ventast fleire store skred.

Sjå Yr si vêrmelding for Møre og Romsdal her:

Jordskredvarselet omfattar også Sogn og Fjordane, Hordaland, Vest-Agder, Aust- Agder, Telemark, Buskerud, Oppland, Hedmark og Akershus. For dei sju siste gjeld også varselet søndag.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.