Hopp til innhold

Jordskredfare

Faren for jord-, sørpe- og flaumskred kjem til å auke også i Møre og Romsdal frå fredag kveld, melder NVE. Det er venta mykje nedbør og høge temperaturar, som igjen vil føre til auka snøsmelting og fare for skred. Størst fare for jord-, sørpe- og flaumskred blir det i Sogn og Fjordane og Hordaland, men også Møre og Romsdal kan vere utsett, viser prognosane.