Hopp til innhold

Jordskjelvet nær Oppstadhornet

Sjølv om jordskjelvet søndag hadde senter nær Oppstadhornet i Midsund, trur fylkesgeolog Einar Anda det var for svakt til å påverke både Oppstadhornet, Åkerneset og Heggura i Tafjorden

Fylkesgeolog Einar Anda
Foto: Gunnar Sandvik

Jordskjelvet hadde senter berre 14 -15 kilometer fra Oppstadhornet på Otrøya i Midsund og 6 - 7 mil frå Åkerneset i Sunnylvsfjorden.

Sterkt skjelv men ikkje farleg

Jordskjelvet søndag hadde ein styrke på 4 på Richters skala og det er eit heller sterkt jordskjelv i vårt område, men likevel trur ikke fylkesgeolog Einar Anda det er kraftig nok til å utgjere ein fare for dei skredutsette fjella Oppstadhornet, Åkernesremna og Hegguraksla i Tafjorden.

Oppstadhornet, Otrøya
Foto: Norges geologiske undersøkelse

Oppstadhornet meir stabilt

Sjøl om Oppstadhornet er det næraste fjellet til senteret for jordskjelvet, så er dette fjellet meir stabilt og har meir å gå på enn Åkneset, seier Anda.

Rystelsane må ha vore mykje sterkare på Opstadhornet enn Åkneset, trur han. At senteret for skjelvet også berre var omlag 10 kilometer ned i bakken, gjer også at rystelsane nok har blitt sterke.

Fjellskred ikkje knytta til jordskjelv

Dei større historiske fjellskreda i Noreg er ikkje knytta til jordskjelv, men ein trur fjellsidene sjøl har utvikla seg til å bli meir ustabile og på eit eller anna tidspunkt så ryker då fjellet ut, seier fylkesgeologen.

Jordskjelvet aktualisere spørsmålet om overvaking av Oppstadhornet.

- Vi har ikkje avlsutta den vurderinga, seier Anda. Vi har årlege målingar på Oppstadhornet og vil ha eit møte med kommunane rundt fjorden for å diskutere vidareføring av denne overvakinga. Det blir minimum overvaking frå år til år, seier fylkesgeologen.