Hopp til innhold
Jordras på fylkesveg 61 ved Sulesund.
Foto: Jan Erik Finsæther / NRK

Jordras ved Sulesund

  • Veg opna igjen

    No klokka 12.30 opnar fylkesveg 61 like ved Sulesund ferjekai for trafikk igjen. vegen har vore stengt sidan natt til søndag etter eit jordras. Dermed blir det normal ferdsel i sambandet mellom Hareid og Sulesund.

  • Fylkesveg 61 opnar fredag

    Fylkesveg 61 ved Suleusund ferjekai opnar fredag klokka 12.30. Det melder fylkeskommunen. Første ferje frå Sulesund til Hareid går klokka 13.00. – Oppryddingsarbeidet er i rute. Vi held på å køyre bort masse. Vi må også opne grøfter og dreneringsrøyra gjennom vegen, koste og spyle vekk all gjørma som ligg i vegbanen og sette opp ny sikring mot sjøen der autovernet er borte før vi kan opne i morgon, fortel byggeleiar Grete Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune.

    Jordras på fylkesveg 61 ved Sulesund.
    Foto: Jan Erik Finsæther / NRK
  • Håper vegen opnar snart

    Grete Berge, byggleiar i fylkeskommunen, seier oppryddingsarbeidet av fylkesveg 61 til Sulesund ferjekai er krevjande. Vegen har vore stengt sidan natt til søndag, men blir truleg opna fredag ettermiddag. Mange av dei som bur på Sulesund og ikkje kan bruke vegen er utolmodige. – Vi håper vegen opnar så snart som råd så vi kan byrje å leve som normalt igjen, seier Harry John Kvasnes. – Vi er litt låst sjølv om vi kan reise med ferja. Du har ikkje fridomen til å reise når du vil, seier Svein Sunde.

    Jordras på fylkesveg 61 ved Sulesund.
    Foto: Arve Sleveland / Møre og Romsdal fylkeskommune
  • – Krevjande oppryddingsarbeid

    Oppryddinga av jordraset på fylkesveg 61 ved Sulesund er krevjande. Det seier byggleiar Grete Berge i fylkeskommunen. – Sjølv om delar av vegen er rydda, ligg det steinar, tre og lausmasse i skredløpet som vi må få kontroll på før vegen kan opne igjen. Etter det må vi få unna massane for å sjå kva tiltak vi må gjere på vegen, seier ho.

    Det går ei høgspentleidning gjennom området som Møre-Nett har jobba med å kople ut for at det skal vere mogleg å jobbe i skredløpet. Store mengder lausmassar har gjort det vanskeleg å belte gravemaskin opp skråninga for å starte ryddinga. Ifølge Berge har skredet laga nye og større elveløp som dreneringssystemet til vegen truleg ikkje klarar å ta unna. – Om dreneringa gjennom vegen ikkje klarar å ta unna vatnet, kan vegen i verste fall bli vaska bort, forklarar byggeleiaren. No håper dei å kunne opne vegen fredag ettermiddag.

  • Usikkert når vegen kan opne

    Det er framleis uklart når fylkesveg 61 ved Sulesund kan opne. Vegen er no stengt på den fjerde dagen. – Vi veit meir om når vegen kan open i løpet av dagen. Det vi kan seie sikkert er at vegen ikkje opnar i dag, seier byggeleiar Grete Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune.