NRK Meny
Normal

Stort jordras på Stranda

Dyrka mark vart ramma då eit 400 meter langt jordras gjekk på Stranda i går kveld, melder Radio Storfjord.

Jordras på Stranda

Grunneigarar ser på skadane etter jordraset på Opsvik i Stranda kommune.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Jordras i Stranda

Mykje dyrka mark har blitt dekt av jordraset.

Foto: Line Løseth / Radio Storfjord

Raset gjekk måndag kveld etter styrtregn på Stranda. Jordraset, som er mellom 30 og 40 meter i breidde, har dekt omlag ein fjerdedel av dyrka mark på Opsvik, skriv Radiostorfjord.no

Bonden Narve Opsvik som leiger jorda, fortel til Smp.no at raset starta 600 meter over havet, men enda nede på 100 meter over havet.

– Det er ganske store mengder det er snakk om, seier Opsvik til avisa.

Sjå video etter skredet under:

Måndag kveld gjekk det eit større steinras på Stranda. Raset var heile 400 meter langt.