Jordras i Tafjord

  • Ryddar etter ras i Tafjord

    Oppryddingsarbeidet på fylkesveg 92 mellom Fjøra og Tafjord har starta. Det gjekk eit stein/jordras like ved Heggurtunnelen i natt. Geolog har vore på staden og vurdert rasfaren. Statens vegvesen opplyser at vegen vert opna att i ettermiddag eller kveld.

    Geolog vurderer rasfaren mellom Tafjord og Fjøra
    Foto: Andreas Ødegaard
  • Jordras i Tafjord

    Det var meldt om eit jord eller steinras over fylkesveg 92 mellom Tafjord og Sylte i Norddal kommune i natt. Vegen er sperra og vil først bli opna etter at ein geolog har vore på staden i løpet av formiddagen, skriv politiet på Twitter. Det finst ingen omkøyringsmoglegheit.

    Steinras mellom Tafjord og Sylte
    Foto: Andreas Ødegaard