Hopp til innhold

Jordmor om fødestenginga: – «Vikarstafetten» kunne ikkje fortsette

Mangelen på gynekologar førte til at fødeavdelinga i Kristiansund blei stengt ut året, til store protestar. Jordmor Johanne Gryt fortel om vanskelege arbeidsforhold, som ho meiner ikkje var haldbare i lengda.

Jordmor

– Vi må ha på plass dei fagpersonane som trengst for å tilby eit godt og trygt fødetilbod, meiner jordmor ved Kristiansund sjukehus, Johanne Gryt.

Foto: PRIVAT

Den siste veka har eit av dei mest betente helsesakene i Noreg for alvor blussa opp igjen.

13. januar bestemte Helse Møre og Romsdal seg for å stenge fødeavdelinga i Kristiansund ut året og sende dei fødande til Molde, fordi dei meiner det ikkje er forsvarleg å halde fram.

Dei trassa dermed eit Stortingsvedtak som seier at avdelinga skal bestå til det omstridde fellessjukehuset i Molde står klart.

Også det kan ta tid. Torsdag bestemte styret i Helse Møre og Romsdal seg for å avlyse kontrakten med Skanska som skulle bygge det, fordi tilbodet deira blei for dyrt.

Fortel om vanskelege arbeidsforhold

Avgjerda har møtt krass kritikk frå politikarar og folk på Nordmøre. Johanne Gryt er jordmor på Kristiansund sjukehus. Ho ønsker for alt i verda at fødeavdelinga skal bestå, men har forståing for at dei måtte gjere grep.

– Vekslinga har gitt stor arbeidsbelastning på tilsette, som opplever auka slitasje. Det er òg eit veldig uvisse for dei fødande, som ikkje veit kvar dei skal føde når riene startar, seier Gryt.

Johanne Gryt

Gryt synest det er vanskeleg å innrømme overfor befolkninga, kollegaene og dei fødande at det var fornuftig å gjere grep. – Sjølvsagt ønskjer eg meir enn noko anna å halde oppe, men ikkje for einkvar pris.

Foto: Privat

Sida oktober har fødeavdelingane i Molde og Kristiansund byta på å halde opent i 14 dagar av gongen.

Det er mangelen på gynekologar som er det store problemet, helseføretaket har ikkje klart å løyse dei langvarige rekrutteringsutfordringane.

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke seier at dei gjer alt dei kan for å få fødeavdelinga i Kristiansund opp å gå igjen.

Sykehusdirektør Øyvind Bakke i Helse Mør og Romsdal.

– Som hovudregel ønsker eg faste tilsette som har trent på dette, som kjenner kvarandre, rutinane og sjukehuset, seier Øyvind Bakke, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Vi har store bemannings- og rekrutteringsproblem. Alt fokuset mitt er på å lykkes med rekrutteringa, seier Bakke.

Avgjerda om å stenge fødeavdelinga var vanskeleg, men han meiner det måtte bli gjort.

Har brukt mange utanlandske vikarar

Det har vore ein omfattande vikarbruk i denne perioden, særleg frå utlandet. Gryt meiner dei ikkje rekkjer å setje seg inn i alle lokale rutinar og prosedyrar, i tillegg til at det oppstår språkproblem.

– Over lengre periodar med stadig nye vikarar, manglar vi moglegheita til å bli godt kjent med dei og øve på akutte situasjonar i lag. Denne vikarstafetten kan ikkje fortsette i lengda, seier Gryt.

Pandemien har skapt ytterlegare utfordringar.

– Det er også ekstra krevjande no av omsyn til smittevern, og gir smittefrykt blant pasientar og tilsette, seier Gryt.

Er livredd for fødselen

– Eg har begynt å tenke på det mykje i det siste, og hovudet mitt begynner å sprenge. Eg er bekymra for å føde raskt, og livredd for at det ikkje er nok personale til å ta vare på meg, seier Maren Veiset Yttervik.

Maren Veitvet Yttervik, gravid på Smøla

Høggravide Maren Veiset Yttervik (20) på Smøla er ein av dei som må reise til Molde eller Trondheim for sin første fødsel. Ho er livredd for kva den tre timar lange reisa vil innebere.

Foto: PRIVAT

Ho er 20 år gammal og er helselærling i øykommunen Smøla. Om knapt ein månad er ho venta å føde sitt første barn. Ho kan ikkje føde på nærsjukehuset i Kristiansund, dermed blir reisevegen tre timar.

– Når ein er førstegongsfødande så veit ein ikkje kva ein går til, også må ein tenke på at har så utruleg lang veg til sjukehuset.

Terminen er 19. februar, og truleg reiser ho til St. Olavs hospital i Trondheim. Ho har inntrykk av at dei har betre ressursar og folk til å ta vare på henne.

Har tilbydd stipend og bustad

Ifølgje eit skriv frå Helse Møre og Romsdal til helseministeren har dei har kontakta legar som før har jobba i Kristiansund, men ingen vil tilbake.

Dei skal ha kartlagt andre sjukehus for å høyre om nokon vil flytte til Kristiansund, tilbydd utdanningsstipend, brukt rekrutteringsbyrå, og dei har hatt stillingsannonsar ute heile 2020 utan å få nok søkjarar.

Helseminister Bent Høie

Helseminister Bent Høie (H)

Foto: NRK

Helseminister Bent Høie (H) gir full støtte til den innsatsen Helse Møre og Romsdal har gjort for å halde oppe fødetilbodet.

– Mitt inntrykk er at dei har jobba veldig hardt med rekruttering, men på eit tidspunkt har dei eit ansvar samen med dei tilsette om det er forsvarleg. Det er sjølvsagt ei føresetnad for Stortinget sitt vedtak, seier Høie.

Samsending med P2.

Helseminister Bent Høie (H) møtte Kjersti Toppe (Sp) til debatt om fødeavdelinga i Politisk kvarter:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL